Artikkel

ÅRETS BESTE UTGIVELSER: Dei tok oss ti år fram i tid

«Omar Sheriff» var seiersrunden vi ikkje visste at vi trengte.

GAFFA innleder juletiden med en tekster om årets beste norske utgivelser. Fra tidligere har Hannah Kleiven skrevet om SpielbergsAftenpostens Eivind August W. Stuen om Selma FrenchMetallurgis Fredrik Schjerve om Hypermass, Nora Marie Mjølhus om Tommy Tokyo og Hugo Herrman om Sondre Lerche.

__________

Eg er ein 23 år gamal gut frå Kyrkjebø i Vestland fylke. Det fargar perspektivet mitt på innhaldet i Karpes Omar Sheriff. På foredrag med Yohan Shanmugaratnam om boka han har skrive om Karpe, Hjerte i to, spurde eg han om han ville kommentere skiva til denne saken. Han svara at «med Omar Sheriff har Karpe pusha Noreg ti år fram i tid». I kronikken Shanmugaratnam skreiv i Klassekampen om prosjektet si tyding for han som har foreldre frå forskjellige land, skreiv han at Karpe har skapt musikk for melankolien til migrantar. For min del er skiva ein portal til å ta del i det multikulturelle. 

Eg, som Yohan, googla til dømes kva baraf betyr då skiva kom ut. Vi får begge ekstra interesse for bruk av ord og kulturelle fenomen som ikkje får plass i media i Noreg, og møtes så i ei oppleving der vi begge nyt kunsten til Karpe. 

Effekt utan like
I dokumentaren VEGG VEGG VEGG er det ein del fokus på det Karpe har gjort for norsk hiphop. Dei spela på alle fritidsklubbar og idrettsarrangement dei kunne, og lokala var nesten tomme. Slik var all norsk rap då dei starta, ein fritidsklubbsjanger. Det byrja derimot å utvikle seg, og rapparar frå heile landet deltok i utviklinga. Likevel meiner eg Karpe absolutt er viktigast, og er den største av drivkreftene som har gjort rap til den største sjangeren i Noreg. Det skal dei takkast for i evig tid. 


Kor mange Magnus og Tuva har ikkje byrja å høyre på rap på grunn av «Piano», «Lett å være rebell i kjellerleiligheten din» eller «PAF.no»? Karpe gjer det umogleg å diskutere musikken deira i isolasjon. Å ha styreleiarar i Norsk Pop AS som har låtar med 1000 transitions og skryt og ironisk skryt om materialistiske verdiar gjer enormt mykje for norsk rap. No kan ei rekke norske rapparar leve av musikken, det var ein draum då Karpe var i dei tidlege åra i karrieren

Fortsatt toppen av norsk rap, fortsatt med ung hjelp
Eit av namna som no er godt kjend etter god drahjelp frå Karpe og eit skitbra debutalbum er Jonas Benyoub. 27-åringen er verkeleg årets nykommar og syna det først på «BARAF/FAIRUZ». 

Karpe si evne til å finne unge talent gjer at vi fortsatt får linjer som den tarantell/taræentell-linja i «BARAF/FAIRUZ» som sprengte skallen til 730.no og imponerte resten av oss kraftig. Linjer som desse har vore elska sidan Karpe sine første mp3-filer og dei sit akkurat like godt i dag som då. 


Det er og useriøst store evner som gjer at orda «Skien Fritidspark» og «moshpit» i «IBN ADAM» kan følgje kvarandre og bli oppfølgd av ei fullstendig kupping av konseptet å «henge i lianer». Det er eigentleg enormt frekt. Stig Brenner og Tarzan kan ta seg ein sånn der smashbolle, det har Magdi sikkert skrive ei linje om allereie. 

Det er Karpe sitt år
Karpe dominerte som vanleg dei norske hitlistene med skiva i lang tid etter EP-en kom ut. Dei hadde eit show utan like i Oslo Spektrum ti gonger som var utseld. Omar Sheriff skal no bli oppdatert og teke med ut i Europa. Det har kome både bok og dokumentar som gir innsikt i korleis Chirag og Magdi faktisk arbeider saman. Karpe har hatt eit år utan like. 

Omar Sheriff med album og sirkuset rundt er både som å sjå nokon ta verdsrekord og ein seiersrunde som mange ikkje tenkte at var så naudsynt som den viste seg å vere. Det har blitt skrive så mykje om duoen at å skyte ut noko originalt om dei no som stormen har lagt seg er nært umogleg. 


Ti år fram i tid
Fordi eg er for ung og har nesten alle røttene mine i Noreg er ikkje spørsmåla om foreldre som ei bru til heimlandet det som treff. For meg er verdien heller at eg får høyre forteljingar frå ulike menneske som er med på å nyansere biletet av kven ulike menneske er, og kva andre enn ein sjølv grublar om. Det har dei fleste jævlig godt av å få høyre om.

At nordmenn uansett bakgrunn har hatt Karpe som sine viktigaste kulturelle skikkelsar dei siste åra meiner eg gjer sitatet til Yohan heilt sant. Dei har pusha Noreg ti år fram i tid, både for korleis menneske med ulik bakgrunn blir oppfatta og korleis norsk hiphop kan vere ein megafon som løftar stemmene til dei oversette.

ANNONCE