Albumanmeldelse

Tek tyren med horna

TyrTape - Tyr

Tyr

TyrTape

Tyr viser oss korleis ein lagar ein tape som blir hugsa.

Tyr er ute med TyrTape etter stor hype på TikTok. «21» var først ut som singel av dei ti spora vi får på skiva, og er som ein av mine favorittlåtar frå 2022, den beste låta på prosjektet. Folk kommenterte «one hit wonder», Tyr dumma dei ut med svara sine.

No har han bevist at han har nok hits til å drepe haustdepresjonen. Tyr treng ikkje lauv for å rappe om grønt. Det er ein av hovudtemaa på prosjektet, i tillegg preikar den unge rapparen ein bibel av smooth linjer om venninne sine du kan bruke som caption på Insta. Tyr er fet, og alle skal faen vite det.

Kjenner alle han treng
Tyr, tidligare Wonder The Boy, er verdas eldste 01’ar. Han har vore signert sidan han var 15, og dette albumet viser at han har omringa seg sjølv med venner som dekker alt ein treng for å lage eit fett album. Her har vi rå fotografering, coverart, musikkvideoar. Til og med tracklisten er grovt og grundig laga.


Tidlegare har Tyr arbeidd med Trondheimskollektivet VNMS. Derfrå hentar han Kojo alias Gerald Ofori for å levere sine vakre vokalar. Ofori har ein del forskjellige modus. Vi får ein prime Unge Ferrarri/Stig Brenner type kulskap som på same tid evner å vere enormt koseleg. Hint: han er Trondheim sin kulaste innfødte. Apropos å vere kul, får vi eit gjestevers av Oscar Blesson. Eg kan berre føle kor gode vener dei er. Kan vi få tape av dykk saman? Larsiveli leverer eit sterkt vers på det som dessverre er den kanskje kjipaste låta på skiva. «Graveyard Shifts» er ikkje direkte dårleg, men har ikkje det spesielle som gjer resten av skiva til hits.

Gjengir nostalgiske kjensler i oppdatert utgåve
Produsentane Milo Orchis og Jimi Somewhere har trava litt rundt forskjellige rapparar, no sett dei personleg rekord på nesten kvar låt. Dei klarer å halde seg til akkurat denne kjensla utan å bli monotone. Produksjonen er tilgjengeleg, og samstundes er både beats og bars av nokon som utvilsamt har respekt og kjærleik for sjangeren.

Det passer dustete bra at dei samplar «Bartender» av T-Pain for dei klarer å mate nostalgien. Samstundes gjer dei moderne aspekta at ser meg sjølv på klubben omringa av Chanel Nr. 5 ved sidan av venninnene mine som har den grovaste stilen i heile byen. Her har dei laga ti spor som heng bra saman.


TyrTape er det ein tape skal vere. Her er det høgt produksjonsnivå, bars som er definisjonsmessig kule og ei oppbygging som er laga for ein tape. Kva er ein intro om den ikkje sett stemninga som «Tyr Season»?

ANNONCE