Nyhet

— Eg får veldig lyst på is heile tida

Etter å ha fått meirsmak på å syngja på norsk, er Hanne Kolstø klar med nytt materiale. I dag slepp ho ut sin nye singel «Is».

Etter å ha fått meirsmak på å syngja på norsk, er Hanne Kolstø klar med nytt materiale. I dag slepp ho ut sin nye singel Is.

— Eg får veldig lyst på is heile tida, spesielt den Royal Lakris – heilt sjukt god. Det får meg til å tenka at eg kanskje heller burde slept den om vinteren, for då hadde eg nok tenkt på snø i staden for. Og snø blir ein jo ikkje tjukk av, sist eg sjekka.

Dette seier Hanne Kolstø på spørsmål om kva tankar ho har om sin nye singel.


LES OGSÅ: «Fester blikket igjen».

Det har nærmast blitt ein tradisjon for fansen at sunnmøringen kjem ut med ny musikk på årleg basis. Sidan 2011 har artisten utgjeve plata på plata med kritikarroste tilbakemeldingar og har dessutan vore nominert til fleire Spelemannprisar. I dag kjem ho ut med ny singel – framleis på norsk – i stil med fjorårets debutalbum på morsmålet.

Røffare sound


Is er produsert i samarbeid med Øyvind Røsrud Gundersen, som har vore med på samtlege av artisten sine tidlegare verk.

LES OGSÅ: Oslo-festival flytter til SALT.

Presseansvarleg for Jansen Plateproduksjon, Andreas Milde, seier følgjande om låta:


— Der hvor forrige skive, Fest Blikket, var dikt som ble tonesatt, er dette laget mer som et album. Røffere sound, mer hiphop-aktig produksjon, og mer catchy enn hun har vært på lenge.

Artikkelen fortsetter under låten.


Ferdig på tre dagar

Artisten sjølv opplyser til GAFFA at låta blei til ved ein tilfeldigheit.

— Det var ein augneblink i studio der min medprodusent skulle fiksa noko på ei låt og eg kjeda meg. Eg er veldig rastlaus. Og i staden for å gå amok på Finn.no, fann eg fram eit gamalt Casio-keyboard eg fekk i bursdagsgåve for eit par år sidan og eigentleg aldri har spela på. Eg trykka on og begynte å jamma til ein av beatane der. På eit eller anna tidspunkt uti jamminga hadde Øyvind lagt opp eit nytt prosjekt og begynt å tracka det eg haldt på med. Slik fekk eg tak i dei beste idéane, seier ho.


LES OGSÅ: Britisk presse hyller det norske bandet.

Derifrå gjekk det radig for seg.

— Eg trur det var snakk om tre dagar før eg stod med bandet og skulle øve den inn. Fint at det kan vera slik óg nokre gongar. 


Vant med rutinane

Kolstø har travle dagar i vente fram mot sommaren. Då blir det innspeling av ny plate, som er venta å koma i løpet av neste år. I tillegg skal ho spela på eit par festivalar og konsertar, laga ferdig coveret og spela inn musikkvideo. Med andre ord slikt som ho plar gjera.

— Det blir jo slik etter sju skiver, ein kjenner rutinane ut og inn, seier ho.


ANNONCE