Nyhet

Arrangerer ny festival i Oslo

Laurdag 24. juni er det duka for bakgardsfestival på Dattera til Hagen. Arrangørane lovar mykje kjekt på programmet.

Laurdag 24. juni er det duka for bakgardsfestival på Dattera til Hagen. Arrangørane lovar mykje kjekt på programmet.

— Me har blant anna fått med oss nokre av dei mest profilerte DJ-ane og produsentar frå London si elektroniske musikkscene. Secretsundaze og Ivan Smagghe, norske Charlotte Bendiks som nyleg ga ut sitt debutalbum på det tyske kredlabelet Cómeme, norske Carl Louis (bildet) som ga ut eit veldig sterkt album ganske nyleg, og ikkje minst dei svenske progrockane Dungen.

Dette seier Bookingansvarleg på Dattera, Jonas Wiik, til GAFFA. Han er godt fornøgd med line-up’en for året, og har store forventningar til festivalen.

LES OGSÅ: Tupac Shakur i skuddet igjen.

— Me prøver å nå ut til eit relativt bredt publikum, samtidig knytte det opp mot musikkprofilen til Dattera. Forventningane er der etter: masse folk som kjem for gode musikkopplevingar, seier han.

Vil utvide tilbodet

Bakgarden på Dattera har tidlegare hausta bra tilbakemeldingar for arrangement som Musikkfest, Ost & Kjex, Mungolian Jet Set sommarfest og klubbdagen før Øyafestivalen. No ynskjer dei å utvide tilbodet til nok ein dag med musikk og sosialt samvær.

— Me ville utnytte potensialet som bakgarden har. Sommaren er jo så kort, så det er begrensa med dagar ein kan gjera ein slik event. Me har tenkt på å gjere ein slik dag lenge. Med inspirasjon frå tidlegare event i bakgarden syns me det var på tide med ein ekstra fest i løpet av sommarsesongen, seier Wiik.

LES OGSÅ: Billboard-topper til norsk festival.

— Dette er dagar som me har inntrykk av at folk set pris på og gleder seg til.

Dattera har fått med seg Hacir Adrian Payan som promotør og mannen bak platesjappa Baklengs i Fredensborgveien. Festivalen motar inga støtte forutan sitt eige nettverk som hjelper til med promotering.

For fullt program og billettinfo kan du vitje Dattera si offisielle heimeside.

ANNONCE