Med heimestudio, lockdown og ein kopp la Thea Glenton Raknes perfeksjonismen til side på sitt nyaste album.
– Eg har generelt prøvd å gi meir faen denne gongen, og la musikken stå for seg sjølv når eg er fornøgd med den.
Orda kjem frå Thea Glenton Raknes. Ho har nettopp fått borna i seng då GAFFA treffer ho digitalt ved kjøkkenbordet ein torsdag kveld. Men nyplata Deadheading ute, står Norgesturné på agendaen for oktober og november. Sjølv omtalar ho albumet som personleg, rått og nakent – med luft under vingene.
– Eg ynskte at alt som kom på plata skulle vera der fordi me digga det, og fordi det har ein funksjon, heller enn å berre leggja lag på lag i studio.
Som følge av pandemien blei albumet hovudsakleg spelt inn i heimestudio i hagen, saman med sambuar og musikar Cato «Salsa» Thomassen. Paret klamra dei seg til prosjektet medan lockdown stod på som verst, og resultatet er eit album Raknes kjenner ekstra stort eigarskap til.
– Sidan barnehagen var stengt, og dottera vår var heime på dagtid, jobba me oss gjennom låt etter låt på kvelden og utover nettene. Berre eg og Cato. Då fekk eg holdt i tøylene og gjort det sånn som eg hadde tenkt, det er ikkje alltid så lett når man har eit heilt band med seg i studio.

Hoardertype
Sidan førre album har paret flytta frå leilighet i byen, til hus og hage på landet. Her har Raknes dyrka den spirande hageinteressen sin, og nettopp hagen og flyttinga ut av byen har hatt stor påverking på tekstane og tonane i den nye musikken.
– Det er mykje planter, hav og vind i songane. Eg har også tenkt veldig mykje medan eg har budd her ute, og grubla over livet mitt og valg eg har teke. Når man flyttar til ein ny stad, ser man liksom livet sitt i eit nytt lys. Då dukkar det opp nye spørsmål og tankar som eg har skreve om i songane.
Men inspirasjonen til låtskrivinga har også kome frå uventa hald – for eksempel frå naboen.

– «Misery Mountain» er direkte inspirert av denne koppen som eg fekk av naboen vår, Tore. Eg er litt hoardertype og elskar rare skroteting. Over alt i huset og garasjen har det samla seg opp, og Tore hadde ein heil låve full av ting og tang – der alt var som skattar for meg!
Raknes viser fram ein stor tekopp med illustrasjonar på. Nærmare bestemt eit kart over Bjørnøya utanfor Svalbard.
– Ein dag eg sat og drakk te la eg merke til navnet på det eine fjellet der: Miseryfjellet. Eg tykte det var så fint navn, og det fekk meg til å tenkja på min eigen erfaring med å kjenna på tungsinn. Då er det litt som å stå på toppen av «Misery Mountain», og då prøver eg å trekka meg tilbake og ta ein pust i bakken. Så songen handlar om at eg ventar til eg kjem ned frå «Misery Mountain» før eg tar kontakt.
Thea & The Wild har allereie starta på turnéen som skal ta ho landet rundt i løpet av hausten. Neste konsert er førstkommande fredag, på Blå i Oslo.
Deadheading-turné:
11.10 - Sandefjord - Hjertnes Kulturhus
15.10 - Drammen - STUA Festivalen
21.10 - Oslo - Blå
22.10 - Moss - SIN Festival
27.10 - Trondheim - Moskus
29.10 - Florø - Kinn Bryggeri
01.11 - Bergen - Lille Ole Bull
02.11 - Bryne - Mellombels
03.11 - Stavanger - Tou, Loftet
04.11- Arendal - Munkehaugen
05.11 - Tvedestrand - Kulturklubben
17.11 - Tofte - Bokhandleren
25.11 - Tromsø - Bastard
26.11 - Langesund - Rockers