Den albumaktuelle artisten benytter seg av VHS-skrekkfilmer han laget i tenårene på musikkvideoen til "between two stools".
Den Ørsta-baserte Singer/songwriteren Egil Olsen beskriver sin bakgrunn som VHS-filmskaper på 90-tallet, en rarings tilbøyelighet for halloween, og en albumutgivelse påvirket av ryggproblemer - i en hjertevarm mail til GAFFA:
Før musikken tok meg, skulle eg bli filmskapar. Eg lagde fleire filmar i tenåra, for det meste skrekkfilmar med mykje spesialeffekter. Eg vann til og med Amandus for beste fiksjonsfilm, utdelt av produsentlegendene Kathleen Kennedy og Frank Marshall. Etter det, spelte eg inn min første song, blei lista på radio og har turnért og gitt ut plater sida. Eg slutta aldri heilt å lage film. Eg har alltid laga mine eigne musikkvideoar, og litt for andre artistar og band også. Funfact: Eg har faktisk laga ein av dei aller mest sette norske musikkvideoane, Vassendgutane sin 'Ungkar med dobbelseng'. Vi er begge fra Ørsta.
Eg var nettopp på filmfestivalen Skrekkfest i Haugesund for å vise ein av mine gamle skrekkfilmar ('Hjelp det er fullmåne') og gjere liveinnspeling med podcasten 'Norsk kultfilm'. Vi snakka om alt fra filmane eg laga som ungdom, til nyare arbeid, som musikkvideoar og mitt bidrag til Marvels 'Black Widow'. Vi snakka også om min nye musikkvideo, som hadde førpremiere på festivalen.
Musikkvideoen til min nye singel 'between two stools' er laga av gamle VHS-opptak og klipp fra filmane og spesialeffektane eg laga på 90-talet. Dette er ein song om å aldri heilt passe inn, og å like det. Om å ta avstand fra det normale og trivest der nede mellom stolane. Denne brutale og skremande, men sjarmerande videoen, er ei kavalkade av heimelaga zombiar, monster, romvesen, og blod og gørr. Perfekt til ein song om å vere ein raring! Perfekt til halloween!
Mitt splitter nye album 'direct sunlight and heat' er foreløpig kun tilgjengelig på fysisk format på cd, vinyl og kassett - på mi nettside, mine konsertar og nokre få platebutikkar. Kvar tredje fredag slepp eg ein og ein song på streamingtjenestene fram til albumet sleppast i si digitale heilheit mot våren.
Eg er for tida under behandling med ei ryggskade etter eit fall i fjor og har behov for å gjere det meste i rykk og napp, og ikkje for mykje på ein gong. Å spre utgivelsen over fleire månedar er ikkje plateselskapet sin idé, men ei oppfordring fra legen.
Ch-Check it Out: