Nyhet

Pstereo med tre sterke namn på programmet

GAFFA.no - alt om musikk.

Svensk legende, norsk nykomar og engelsk elektronika er stadfesta til festivalen i Trondheim.

Førre veke blei det klart at Sepultura kjem til Pstereo for aller første gong. I dag kan festivalen annonsera tre nye namn på programmet for neste år.

LES OGSÅ: Går hardt ut mot Spellemann.


Både Thåström, Fieh og Mount Kimbie er signert til å opptre på den komande festivalen.

Har hausta mykje ros

Thåström, tidlegare frontfigur i banda Ebba Grön og Imperiet, har gitt ut heile tolv album og er for mange eit skandinavisk rockeikon. Nykomaren Fieh har hausta mykje ros for debutsingelen Glu, medan Mount Kimbie på si side blei krona med 8,4 poeng hos Pitchfork for sitt siste album Love What Survives.


Bookingansvarleg Kim Aasli seier seg nøgd med de tre siste tilføyingane til programmet.

— Thåström er ein levande legende som klarar å fengja Uffa/Blitz-ungdomen, på same måte som dei som har følgt han heile vegen sidan Ebba Grön på slutten av 70-talet, via Imperiet og etterkvart ein glitrande solokarriere. Nyleg leverte han ein fantastisk konsert i Oslo Spektrum og me veit det er veldig mange som gler seg over å få sjå han att live i Trondheim, seier han i ein kommentar til GAFFA.

Artikkelen held fram under videoen.

— Fieh ga oss hakeslepp med låta Glu og fleire på kontoret har låta på årsbestelista. Me er veldig spent på kva me kan forventa vidare av soulyndlingen, men fleire konsertanmeldelsar tyder på at me har gull i vente, slår Aasli fast.


Fornyar sitt sjangersprengjande format


Han opplyser vidare at festivalen har prøvd å booka Mount Kimbie i fleire år og at det endeleg klaffa i år.

— Samarbeidet med James Blake og King Krule på den siste kritikerroste plata, har auka til stor interesse for den britiske elektroduoen. Dei klarar stadig vekk å fornya sitt etterkvart sjangersprengjande format, og kvar konsert er ein fest der dei improviserer fram nye element i låtane sine, avslutter han.

LES OGSÅ: NRK tek over sendinga for første gong på 16 år.


Pstereo 2018 blir arrangert frå 16. til 18. august, som vanleg i parkområdet Marinen i Trondheim.

ANNONCE