Nyhet

Kjem Arcade Fire til Noreg?

GAFFA.no - alt om musikk.

Arcade Fire er stadfesta til festivalopptreden i Skandinavia. Mange spekulerer no på om bandet har tenkt seg ein tur til Noreg.

I går kunne GAFFA Danmark annonsera dei tolv første artistane til Haven Festival i København. Blant desse er det kjent at canadiske Arcade Fire (bilete) skal opptre på festivalen til neste år, som strekker seg frå 10. til 11. august.

Festivalen går føre seg i same tidsrom som Øyafestivalen i Oslo, og mange har derfor stilt spørsmål ved om bandet skal opptre her til lands.


LES OGSÅ: Nobelkonserten med spesiell markering.

Arcade Fire var sist i Noreg under Norwegian Wood i 2014, og før dette på Hovefestivalen i 2010.

Artikkelen held fram under videoen.

Bandet fekk sitt store gjennombrot i 2004 med debutalbumet Funeral, og har sidan den gong fått ein stor tilhengjarskare. I juli i år slapp dei sitt femte studioalbum Everything Now. Vår anmeldar lot seg begeistra og ga albumet fem stjerner.


LES OGSÅ: No er ho klar med julesingel.


GAFFA har forsøkt å innhenta ein kommentar frå Øyafestivalen om eit eventuelt besøk av Arcade Fire.

ANNONCE