Nyhet

Fever Ray med opent brev til fansen

GAFFA.no - alt om musikk.

Avlyser sine komande konsertar.

For drygt eit halvt år sidan stod svenske Karin Dreijer på Sentrum Scene i Oslo og USF Verftet i Bergen. Dette var dei første konsertane hennar i Noreg sidan 2009. No melder artisten at ho ønskjer ein pause frå turnélivet, og at alle konsertar til hausten er avlyst.    

I eit opent brev til fansen via Facebook skriv artisten følgjande:


— Mange veit at eg har slitt med angst og panikkanfall i lang tid. I sju år turte eg ikkje å gå på scenen, i fem år turte eg ikkje å fly. Det er ein sjukdom som alltid ligg å luskar i bakgrunnen, og som eg har jobba mykje med. Eg veit eigentleg aldri kor tid det kjem og kor mykje eg vil bli påverka.  

LES OGSÅ: Eminem slapp nytt album i natt.

Ho fortel vidare at den siste månaden har vore tøff, og at ho no må trekke seg tilbake frå turnélivet av frykt for at angsten skal eskalere.


Artikkelen held fram under bilete.

Open melding til fansen. Skjermdump: Facebook


Dreijer ga ut sitt første sjølvtitulerte album i 2009 under artistnamnet Fever Ray - etter stor suksess i duoen The Knife saman med broren Olof Dreijer.

Før dette var ho med i bandet Honey Is Cool med Håkan Hellström.

LES OGSÅ: — Det er ganske surrealistisk


I 2017 blei ho nominert til Nordic Music Prize for oppfølgjaralbumet Plunge. Dei siste åra har ho dessutan gitt ut fleire singlar, og har blant anna samarbeida med Röyksopp på låtar som What Else Is There, This Must Be It og Tricky Tricky.   

ANNONCE