Nyhet

Chance The Rapper spelar inn album med Kanye West

GAFFA.no - alt om musikk.

Chance The Rapper har tidlegare avslørt at Kanye West vil produsere det komande albumet hans. No viser det seg at dei to rapparane allereie er i full gang med innspelinga.

Dette stadfestar Chance The Rapper i eit nytt intervju med TV-kanalen Windy City Live. Ifølgje artisten er partane no i full gang med innspelingane til det nye albumet i Chicago denne månaden - eit album han sjølv skildrar som «veldig personleg».

— Det å få lov til å arbeide med Kanye West på albumet hans er sprøtt. Men at han vil produsere mitt album og komme til Chicago er liksom heilt..., uttala han i intervjuet.

LES OGSÅ: Slottsfjell inngår samarbeid med GAFFA.no.

Chance The Rapper kan stadfeste at albumet er 30% ferdig, og blant anna vil omhandle den nye forlovinga med kjærasten Kirsten Corley.

— Du vil ikkje få mi side av historia viss du les den i artiklar, seier han om alt medieoppstyret som har vore rundt forlovinga i det siste.

Artikkelen held frem under videoen.

Det siste albumet hans, Coloring Book, fekk heile fem av seks stjerner av GAFFA Norge i 2016. Meldaren skreiv blant anna følgjande om albumet:

«Chicago-kunstneren Brandon Breaux har fanget den utviklingen som Chancelor Bennett har valgt å vise frem på sine tre mixtape-omslag, og på Coloring Book ankommer Chance The Rapper til lyden av fanfarer og refrenger, til en del av hip-hop som føler seg hjemme i soul og i gospel uten å slippe det som gjør dagens hip-hop og r&b nyskapende og spennende.

Han tilpasser sin rapping og sang til å følge musikkens endringer, og får de andre stemmene som er invitert inn til å fargelegge hans idéer.»

LES OGSÅ: Chance The Rapper rasar mot Heineken-reklame.

Utover dette arbeidar Chance The Rapper óg med eit komande album med Childish Gambino, som står bak kjempehiten This Is America.

ANNONCE