Nyhet

Sepultura spelar i Trondheim for første gong

GAFFA.no - alt om musikk.

Det ikoniske metalbandet er bekrefta til Pstereo til neste år.

Bandet hadde konsert på Rockefeller i februar, og har spelt på fleire internasjonale metalfestivalar i år. No kan arrangørane avsløra at dei kjem til Pstereo i august for aller første gong.

LES OGSÅ: Dobla talet på artiststipend.


— Sepultura har haldt det gåande i godt over 30 år. Troikaen dei ga ut på nittitalet, Arise, Chaos AD og Roots, står framleis som ein bauta i metalhistorien og det er ikkje mange metalband som kan måla seg med dei. Dei leverer som berre det, og det er alltid mykje trøkk, seier bookingsjef Kim Aasli i ein kommentar til GAFFA.

— Me tykkjer det er kjempeartig å skulle representera dei på Marinen.

Sepultura har seld over 20 millionar plater sidan oppstart, og det siste albumet deira Machine Messiah fekk gode tilbakemeldingar av vår eigen meldar.


Forutan metalbandet kan festivalen bekrefta at Aurora, Big Thief, Kjartan Lauritzen, DeLillos og Cezinando tar turen innom festivalen i august.

Bookingsjefen meiner dette gir ein god peikepinn på kva publikum kan forventa av programmet.

Artikkelen held fram under videoen.

— Det viser litt av breidda som me alltid har operert innanfor. Pstereo er ein eklektisk festival - det har det vore sidan 2007. Men det er nettopp det som er så gøy med festivalen, slår Kim Aasli fast.


LES OGSÅ: Fastfoodkjede tar i mot musikkpris.


Pstereo 2018 blir arrangert frå 16. til 18. august, som vanleg i parkområdet Marinen i Trondheim.

ANNONCE