Nokon gong høyrt om Payday og Lido? Det burde du.
Du har sikkert høyrd om “SUPERPRODUSENTANE I STARGATE” som vi for nokre år sidan såg på ei rekke TV-program og vart plukka opp saftig i media som del av vårt fantastiske skremmande-nasjonalisme-i-møte-med-utlandet program. Det som aldri blir snakka om er norske produsentar som produserer hiphop for amerikanske rapparar, det er på tide å opplyse og rose!
Det er nemleg to stykker som har utmerka seg. Nemleg Payday og Lido. Ja, som i Lido Lido, ja han som lagde tidenes grovaste banger, «Turn Up The Life». Payday er på den andre sida langt meir anonym, for å forklare så brukte Spellemann ein screenshot av profilbiletet hans på instagram då dei nominerte han til ein pris i fjor. Payday har arbeidd med alt frå Headie One til Megan Thee Stallion og Lil Keed. Lido står bak nesten alle låtane på Amine sitt TWOPOINTFIVE, han står bak fleire låtar på Chance the Rapper sitt Coloring Book og har eit heilt hav av musikk med Jaden.
«Bet (feat. Skepta, Micheal Phantom» – Octavian
Payday sin absolutt fetaste produksjon må vere «Bet (feat. Skepta, Micheal Phantom» av Octavian. Du finn låta på det ellers ikkje så altfor bra Endorphins som kom ut i 2019. Stakkar må ha knekt ryggen då dei lagde denne for det er ikkje noko vokalt som skjer her som er betre enn den fantastiske nakkenikkete beaten. Det einaste som kanskje når opp er då ei ukjent stemme skrik “I SAID ITS PAYDAY MOTHERFUCKERS” som såklart var producertagen til Payday for låta, og bør brukes flittig for den er eigentleg kulare enn dei fleste tags vi høyrer om dagen.
«Minor Gangsters (Gully)» – Hare Squead
Dette er Hare Squead sin absolutt fetaste låt. Payday står bak, og sjølv om beaten kanskje ikkje er av typen som stel all merksemd er den absolutt av typen som legg perfekt til rette for at rapparane kan gjere greia si, eit ofte undervurdert poeng. Gitarbeats er vanskeleg, det kan fort bli ein jævla kjedeleg produksjon som kun høyrer heime på listene til 12 år gamle fotballspelarar. Payday får det derimot perfekt til, og når gitarbeat funkar fungerer det som lite anna.
«Trina» – Smino
Sidan Smino slapp Noir har han kome ut med ei rekke singlar som eg meiner er verdt meir enn dei to studioalbuma hans. «Trina» er kanskje den beste av desse, og er absolutt av mine favoritt raptunes nokonsinne. Det som er fett her er at Lido som har produsert låta har sampla Trina sjølv! Samplet er ikkje til å kødde med heller, det er nemleg «Pull Over» med Trick Daddy som gjest. Lido har ein upbeat stil som passer perfekt til Smino, og det er noko han held seg til. Han har også produsert alle dei beste låtane til Chika til dømes, og gjer det tydeleg best på beats for rapparar som vil høyres snille ut. I sterk kontrast til Payday som arbeider med mykje meir grimy artistar, gjerne trap.
«Charmander» – Amine
Ja, så var TWOPOINTFIVE litt skuffande. Ein ting er likevel sikkert, Lido-produserte «Charmander» er ein fuckings banger som alle bør ha skrudd opp til sidan den kom ut. Ein anna ting som er sikkert er at albumet ikkje var skuff på grunn av dårlege beats, men heller fordi Amine ikkje heilt klarte å gjere noko spanande nytt. «Charmander» er eit perfekt døme på korleis dansbar, høgtempo hiphop kan lagast. Det må hyllast så opp i skyene at Lido står bak alt dette, det er på tide å rydde vekk Kygo no kjære 730.