Oppdater listene dine med desse fem!
Hiphop er ein av sjangrane der ting går fortast om dagen, plutselig er nokon du aldri har høyrd om blitt listetoppar, dagen etterpå er favoritten din forsvunnen frå jordas overflate. Der er mange hundre namn som går inn og ut og det er vanskeleg å vite kva som er verdt å sjekke ut når det fins meir nye ting enn du har tid igjen på planeten.
GAFFA er her for å hjelpe. Her har eg filtrert driten så du kan ver den deilige, sexy personen som alltid får spørsmål om kva som er på AUXen akkurat no. Eg håper det er ein person alle har stort nok ego til ville vere.
Doechii, Tampa/Los Angeles
Ein skulle tru TDE mista all hype no som Kendrick har sagt at hans siste album var det siste på plateselskapet og resten av Black Hippy eigentleg ikkje gjer så mykje lengre. Doechii er plateselskapet sin nyaste satsing og er ein av dei unge som kjem til å halde plateselskapet aktuelt i lang tid framover.
Det er litt avgrensande å kalle Doechii rappar fordi ho kan så mykje forskjellig. Eg tenkjer derimot at om mesteparten av det du gir ut likevel er rap og det er det du kan best må du tåle ein liten sjangermessig bås. Til dømes har ikkje «Persuasive» ein typisk hiphop-produksjon, men heller det som noko uoffisielt blir kalla hiphouse. Eg har preika for Doechii ei stund no og dette er meg som tryglar deg om å gi ho ein sjangs. Kva er det ikkje å like med høgt tempo, fete beats og ei stemme som kan bli nytta til skrikerap på ein låt og levere englevokal på neste? Dette er akkurat det du treng no som sola skin og dansing ikkje blir til å unngå.
Bianca, Oslo
Om Bianca fortsetter i sporet ho no har funne etter å ha bytta namn og byrja å rappe på norsk bør ho bli ein av våre største artistar. Ho har ingen dårlege låtar under det nye namnet. «Visjon» og «456» er mine absolutte favorittar og er like i at dei begge har heilt rå produksjon med Bianca som serverer bars på bars på bars.
Det som gjer Bianca heilt unik for meg er at då ho var overraskelses-oppvarming for Dutty Dior på Studentersamfundet i Trondheim i fjor evna ho å få alle i publikum til å skru kraftig opp, og det var meir enn tydeleg på sjokkerte fjes i rommet at dei fleste aldri hadde høyrd om ho. Dette er heilt spesielt, dei fleste nordmenn må tross alt pugge Karpe i eit par månadar før konsert for å tørre å røre på føttene eller opne kjeften.
Redveil, Prince George’s County
Då Redveil slapp Niagara for to år sidan var det imponerande fordi han var 16 år. Då han slapp learn 2 swim i år var ikkje det relevant lengre, dette er berre ein kar som kan å rappe og produsere som få andre som er aktive akkurat no. Sjølv seier han at å produsere alt sjølv gjer at alt blir meir personleg og flyt betre saman slik han har sett det føre seg, og eg må seie at han har god sjølvinnsikt, for fyfaen for eit talent.
Redveil finn seg blant mange indie-rapparar som du kan få utruleg stor innsikt i produksjonen til gjennom TikTok der han aktivt postar beats og verkeleg samhandlar med fansen. Det er litt meir kjekt enn når ein eller anna UMG artist blir tvinga til å lage noko ræl av typen uorginal dance challenge eller kva det måtte vere. Frå learn 2 swim må eg tipse om «automatic (feat. Fly Anakin, Ovrkast.)» «pg baby» og «diving board». Forresten kunne både Fly Anakin og Ovrkast. vore på denne lista, så om du er ekstra svolten bør du sjekke ut begge to.
Glorilla, Memphis
Sørstatane evner å skape alt for mange rapparar og produsentar. Ein av dei mest spanande akkurat no er Glorilla frå Memphis. Trap har ein tendens til å vere fryktelig kjedeleg om dagen, men det fins alltid lyspunkt, og der finn du Glorilla. I 2019 slapp ho Most Likely Up Next og no ser det ut som ho hadde heilt rett. Albumet er ikkje på Spotify, i motsetnad til det eg meiner er hennar beste låt, nemleg «F.N.F.». Den, og mykje anna ho har ute no er produsert av HitKidd og dei beviser stadig at dei er ein råsterk produsent/rappar duo.
Sjå videoen, om du ikkje elskar det her må du nok dessverre innrømme for deg sjølv at du ikkje er ein artig person å vere rundt. Om du derimot likar det trur eg du har kan bli servert det du treng av bangers framover!
Oter, Tromsø
Oter hadde status som det store rap-håpet i Tromsø rundt 2014, men forsvant brått før han gjorde comeback i 2020. Du har kanskje ikkje eit nære forhold til nordnorsk rap, men kven andre her til lands har den naturleg harde dialekta og fete vokabularet som vi søker i rapparar uansett? Etter ein del singlar som er svært forskjellige frå det han har sluppe tidlegare er han ute med albumet YOUNG HOEL III: HESTEHOVEN. Han har aldri vore betre enn akkurat no.
Produksjonen på skiva er variert, modig og ikkje minst perfekt for Oter, det er ein av fordelane med produsent/rappar-duoar. I 2020 sa CRTCL og Oter til iTromsø at vi kan forvente mange prosjekt framover, om dette er standarden dei held seg på må eg berre seie at eg gleder meg frykteleg til neste allereie. Om eit 53 minutt album tek for mykje tid for deg kan eg tipse om å sjekke ut «PEAKY (feat. OnklP)», «PARIS» og «UNGE ME$$IA$».