Artikkel

Verdas mest innflytelsesrike hiphop-magasin spår framtida – her er dei 12 utvalde

XXL si årlege kven-blir-store kåring er ute.

Det kanskje største hiphopmagasinet i verda, XXL, er på sitt femtende år med Freshman-klassar. Sidan 2007 har dei løfta fram eit utval av rapparar som er på veg opp. Stjerner som Kendrick LamarMegan Thee Stallion og Lil Uzi Vert er blant dei mange som har hatt ein plass på lista. 

I år er 12 raptalent vald ut. Dette året skal vi bli betre kjend med BabyTronCochiseSaucy SantanaBabyface RayKenTheManSoFaygoBig ScarrBig30KayCyyDoechii (bildet), Kali og Nardo Wick.

Av dei 12 er BabyTron den einaste som er stemt fram av folket, medan resten er vald av redaksjonen i XXL som sjølv skriv at prosessen varte frå januar til april i år. Prosessen er slik at ein kan sende inn ein pitch som så blir vurdert saman med den publiserte musikken til kvar artist.


I tillegg har XXL ei rekke møter med alle dei vurderer å inkludere på lista. Om du er ute etter dei som er enda mindre, eller ikkje har fått bli med her, bør du sjekke ut denne lista. Her er alle dei fansen kunne stemme på til tiende plassen, som er demokratisk. Her finn du til dømes kjempedyktige Bktherula og Ken Car$onSjekk ut den lista her.

KayCyy. Foto: Travis Shinn


Kva skjer framover?
Dei neste 30 dagane kjem XXL til å sleppe ut fristilar og truleg tre forskjellige cyphers med alle dei utvalde for i år. I tillegg har vi blitt lova eit blikk på kvifor 2016-kullet blir hylla så ekstremt mykje og kjem nok til å få mykje innhald av varierande kvalitet om og med dei 12 stjerneskota. 

Som alltid er det ein god miks av artistar som kanskje ikkje er så fresh, men har ei heil rekke album ute. Og så får vi vel eit par faste one-hit-wonders (Material GWOOORL) og masse traprapparar som mest truleg ikkje kjem til å ha meir enn fire-fem bangers over fire album som alle har 40 låtar og blir sluppe på to år.

I år er mange optimistiske til Doechii som nettopp har signert platekontrakt med TDE, KayCyy som var i studio med Kanye West under produksjonen av Donda, KenTheMan, BabyTron, Nardo Wick og Big Scarr.


Gode spådommar tidligare 
Før vi kritiserer bør vi tenke oss om og gjerne gi litt tid. Om vi spolar tilbake ser vi at å kritisere rapparane idet dei er med på Freshman lista ikkje er noko sjakktrekk. 

XXL har nemleg spådd framtida rimelig godt.

Til dømes var ikkje 2019 gjengen særleg populær, men DaBaby, Megan Thee Stallion, Rico Nasty og Cordae har alle levert sterkt sidan sin cypher.


Gjengen i 2016 fekk også ekstremt mykje kritikk, mest av oldheads som var sure for at mumble-rap hadde “teke over og øydelagt” hiphop. No har 2016-gjengen status som det beste året nokonsinne hjå ein stor del av dei faste følgjarane til XXL og hiphop generelt.

Det fins selvfølgelig også unntak til dei imponerande spådommane. Kvart år har nokre som forsvinn eller blir gløymd fullstendig, som Desiigner og Smokepurrp

Trass i at mange snur om artistane kvart einaste år er det same leiken som alltid. I går var instagrammen til XXL full av kommentarar som “this list gets weaker every year” og “How did Ken Carson not make the list LMAO”.


No er det berre å glede seg til å sjå dei 12 førsteklassingane legge sine vers og følgje med på musikken dei publiserer framover. Kvart år er det fleire som slepp album like etter denne månaden medan dei druknar i publisitet og har alle hiphop-interesserte auger i verda retta mot seg. 

ANNONCE