Artikkel

SØKELYS: 5 rykande ferske hiphop-låter

GAFFA.no - alt om musikk!

Vår nye spalte Søkelys presenterer dei fem beste hiphop-låtene akkurat nå. 

GAFFA Norge presenterer no si nye spalte Søkelys, og først ut er eit blikk på fem av dei råaste og ferskaste låtane innan hiphop – både nasjonalt og internasjonalt. Her serveres Tommy Tee, So SkinnyPRICE, Rico Nasty og REMEDY.

Kvar veke framover vil fleire sjangrar og tema kome under lupen med spalta Søkelys. Her skal me dekka alt du kan tenkje deg, frå dei beste nye popbangerane, country-sviskene, svensk-språklege låtane til utvald råskap i dødspunk og black metal-landskapet.

Tommy Tee – «Bakerst på bussen (feat. Jonas Benyoub, Lars Vaular)»

I haust har legendariske Tommy Tee sluppe ei rekke låtar. Denne gangen er det stjerneskotet Jonas Benyoub og tungvektaren Lars Vaular som hoppar på beaten. Produksjonen frå Tommy Tee gir perfekt plass til å la Jonas Benyoub gjere greia si, og han beviser nok ein gong at han er norsk mester i å skrive hooks. Når ein først høyrer på Tommy Tee, passer det seg med vers frå ein legende, og Lars Vaular leverer som alltid eit overgrovt vers.

So Skinny – «WE OKAY (feat. O’kenneth, Jay Bahd, reggie)»

Det siste året har Ghana vist musklar, og gjort Kumasidrill til den mest spanande scena i den råharde undersjangeren. Det er eit miljø som stort sett består av menn under 25, og det er eit svært tett knytt miljø. Med harde beats, hardare linjer og rett og slett skummel harmonisering frå Jay Bahd er «WE OKAY» låta du treng neste gong du skal late som du er tøff i trynet.

PRICE – «CURTIS (feat. Big K.R.I.T.)»

PRICE er nok mest kjend som låtskrivar for artistar som Kanye West, Rick Ross, Travis Scott og mange fleir, men i dette tilfellet har han skjønt at han må beholde denne juvelen. Som om denne ikkje var rå nok har PRICE fått med seg Big K.R.I.T. som berre leverer eit heilt ekte rapvers, det er sånn det skal vere. Denne bør alle få inn i spotify-lista si, så får vi sponsa at PRICE kan “look like Curtis Mayfield on the block”.

Rico Nasty – «Money (feat. Flo Milli)»

FOR EIN DUO! To av dei mest pengeglade rapparane i verda har slått seg sammen og laga ein heilt sjef anthem. Rico Nasty er ein favoritt for mange, men om du ikkje er solgt på få sekund etter du har høyrd “Flo Mili shit!” som alambamarapparen startar nært alle vers med må du vaske øyrene. Denne skal eg torturere vorset med i kveld, håpar du finn vetet til å gjere det same. 

Remedy – «The Pulpit (feat. Conway the Machine, Ghostface Killah, Cappadonna)»

Her er ein for deg som er oldhead. I dag slapp nemleg Remedy Meets WuTang, der Remedy er vert for diverse Wu-Tang Clan medlem sine vers. Nokre av låtane er gamle slipp, andre verkar å vere gamle vers som aldri vart publisert. Dette er uansett rått, og du får gamle legendar pluss ein dasj Griselda på ein typisk boom-bap beat.

ANNONCE