Albumanmeldelse

Medan vi ventar på albumet

Mid Season - Ivan Ave

Ivan Ave

Mid Season

Dette prosjektet er ein av våre beste rapparar som demonstrerer at det er akkurat det han kan best.

Ivan Ave er tilbake med ny EP! I denne omgangen går Vinje-rapparen tilbake til samplebasert produksjon i motsetnad til det samplefrie, spellemannvinnande Double Goodbyes. Elles får du boppy beats, masse synging og grove mengder amerikanske referansebars. 

Mutual Intentions forstår musikkindustrien

I eit intervju GAFFA nyleg gjorde med Vinje-rapparen fortalte han at EP-en fungerer som ei bru til hans kommande album, All Season Gear. Difor er ikkje denne EP-en berre ein EP, men også Mutual Intentions som nok ein gong syner at dei er rå på marknadsføring!


For i tillegg til sleppe EP-en kan det avslørast at om du kjøper vinylen får du eit ekstra spor med namnet «Names». Vanlegvis ville eg ikkje kommentert på marknadsføring, men Mutual Intentions si varige evne til å tene pengar på musikk utanom streaming og sommarfestivalar fortener ein hyllest. 

Påfyll som oppfriskar

Åpningssporet «What a Day!!» er produsert av Stones Throw-artisten Mdgsn. Med Ivan Ave er det slik at du veit omtrent kva du får, men det er ikkje negativt her! Den isglatte rappinga hans legger seg perfekt over beaten som er så nakkenikkete som du får det. Dette er den beste låta på EP-en.


Spor to, «Gear», er også fantastisk groovy og har både produksjon og rapping til å forelske seg i. Eg kan supplere eit stykke fakta: om ein raplåt refererer til Rosettasteinen, då er den bra. Her syner Ivan Ave at han kan rappe konsist, referansane er tematiske, og det tek denne låta til topps. 

Det blir mid frå midten...

«What a Day!» og «Gear» høyres ut som musikk du trur du ville hatt på Santa Monica Beach, og det stemmer! «Mid» og «Names» er derimot ikkje det første eg hadde satt i queuen.


Den flunkande nye «Mid» er produsert av svenske Sasac. Dette er ein av låtane der Mr. Ave vel å syngerappe, noko som alltid har vore polariserande. For meg blir lyspunktet då han rapper kring det bittelille av vakre vokal frå Zee og Nedja, som du får meir av på dei to første spora. 

Vinylekslusive «Names» heng svært bra saman med «Mid», og er produsert av Ivan sjølv. Igjen er det synginga. Ivan Ave kan å syngerappe, men her prøver han enten for hardt eller for lite og det fører til at det litt høyres slitsamt ut.

Mid Season EP er eit godt påfyll på diskografien til Ivan Ave, men eg håpar han har spart det beste til All Season Gear.


 

ANNONCE