Nyhet

Stjernelag heidra Johnny Ramone

GAFFA.no - alt om musikk.

Tre rockelegender og ei TV-stjerne stod på scenen for å heidre den avdøde gitaristen. Sjå video i saka.

Johnny Ramone var for mange sjølve bindeleddet i punkrock-bandet Ramones frå 1974. Søndag kveld var eit stort stjernelag samla for konsert i Los Angeles’ Hollywood Forever Cemetery, der gitaristen er gravlagd.

Billie Joe Armstrong (Green Day), Steve Jones (Sex Pistols), Duff McKagan (Guns N’ Roses) og Fred Armisen (kjend frå TV-serien «Portlandia») gjekk saman om å framføre nokre av dei mest kjende klassikarane på scenen, blant anna Rockaway Beach og Judy Is A Punk.

LES OGSÅ: Nisjefestival kjem til Oslo.

Johnny Ramone døydde i 2004 av prostatakreft. I åra etter har kona hans, Linda Ramone, arrangert ein årleg heiderskonsert til ære for gitaristen. Pengane frå konserten går til inntekt for forsking på kreft, i regi av stiftinga Johnny and Linda Ramone Foundation.

Artikkelen held fram under videoen.

Ramones har gitt ut heile 23 album, og blei innlemma i Rockens æregalleri i Ohio i 2002. I fjor var det 40 år sidan bandet ga ut sitt tredje album. Dette blei feira med ei ny utgåve av albumet Rocket To Russia, som blant anna innehaldt tidlegare upublisert låtmateriale. 

p>

LES OGSÅ: Superstjerna nekta å bli fotografert med Donald Trump.

ANNONCE