Nyhet

Norsk supergruppe ute med si første låt

GAFFA.no - alt om musikk.

I april blei det kjent at Billie Van, Jonas Alaska og Mikhael Paskalev hadde slått seg saman til ei ny supergruppe. I dag er dei ute med si aller første låt.

— Me har som oftast dei same referansane og inspirasjonskjeldene, men ulike måtar å gripe dei an på. Så me utfyllar kvarandre som eit slags puslespel og skjønar kvarandre veldig godt. Det at me starta å skrive låtar omtrent samtidig har nok også ein del å seie.

Vennetrioen har vore med på kvarandre sine soloprosjekt i fleire år. No er tida inne for eit fellesprosjekt, meiner supergruppa, som har fått namnet Hollywood.

LES OGSÅ: Vennetrio slår seg saman til supergruppe.

I dag kjem singelen Monster, som er ein smakebit på debutalbumet som etter planen vil bli slept i 2019. Høyr han nedanfor.

Artikkelen held fram under låta.

Kvifor namnet «Hollywood»?

— Det var ikkje eit namn som kom til oss sånn heilt med ein gong. Me hadde skrive eit par låtar før me kom på namnet og syns det passa musikken. Det gir litt assosiasjonar til triste Hollywood-skjebner og «Mulholland Drive», seier dei til GAFFA.

Ein god «mash up»

Bandet spelte sin første konsert på Arte Music Festival i Paris i april, og har planar om å debutere på norsk jord på Vill Vill Vest i Bergen 14. september. Musikalsk sett hentar dei inspirasjon frå både Roxette, ABBA og Metronomy - men gjerne med ein moderne vri.

— Det er rett og slett ein god «mash up» av oss tre, der me prøver å tøya nokre grenser og gjere ting me ikkje ville gjort i soloprosjekt. Å spele og lære nye instrument, tørre å ha skyhøge ambisjonar, og draume stort.

LES OGSÅ: Slash annonsert til Noreg.

— Me fekk etter kvart eit behov for å ha ein stad der det var litt meir plass til å leike. Og når me starta å skrive saman, ga alt veldig mykje meining, seier dei.

ANNONCE