Nyhet

Ny musikk frå Florence + The Machine i vente?

GAFFA.no - alt om musikk.

Ifølgje NME ryktast det ny musikk frå gruppa innan kort tid.

Med nye album frå bandet med to, til tre, års mellomrom – er det høgst sannsynleg at fansen kan vente seg eit fjerde album frå Florence + The Machine i 2018. Ifølgje NME kan singelen Sky Full Of Song bli sluppen allerede denne veka.

Ein kan difor forvente at også albumet vil bli annonsert snarast, og rykta tilseier at det vil komme ut i løpet av juni.

LES OGSÅ: Søksmålet mot Coachella skaper engasjement.

Albumet, som moglegens skal heite High As Hope er ifølgje den offisielle heimesida til London Milco Studios produsert av Brett Shaw. Han produserte også forrige album for bandet, How Big, How Blue, How Beautiful, som kom i 2015.

Med låtar som Ship To Wreck, St Jude og What Kind Of Man vart albumet godt mottatt.

Artikkelen held fram under videoen.

Vokalist Florence Welch (bilete) gjekk gjennom eit tøft brudd med kjærasten James Nesbitt i 2014. I eit intervju med The Telegraph beskriv ho at at ho, gjennom den nye musikken, har utforska det «svarte holet» ho hamna i, i ettertid:

— Eg e lykkeligare no. Eg er tilfreds, men eg kjem aldri, nokon sinne, til å vera i orden. Eg trur ikkje det er sånn det fungerar.

LES OGSÅ: Jackson-dotter forsvarar retusjert bilete.

Welch er også opptatt på andre område enn musikk for tida; GAFFA skreiv i januar at artisten også skal gi ut ei poesibok 5. juli, «Useless Magic», som vil gje fansen innsikt i den kreative prosessen hennar.

For fans som ønskjer å oppleve blir dei å sjå på festivalane Orange Warzaw i Polen, BBK i Bilbao og Melt! I Tyskland i sommar. I 2015 gjesta dei Amfiet på Øyafestivalen, og konserten fekk då fem stjerner frå GAFFAs anmelder, det same gjaldt albumet frå same år.

ANNONCE