Nyhet

Eksklusiv pre-stream: Pelicat – Inside Your Head

Det Oslo-baserte bandet slepp ut årets andre singel i morgon.

Det Oslo-baserte bandet slepp ut årets andre singel i morgon.

...men du kan høyra låta eksklusivt hos GAFFA allereie no!

Inside Your Head var eigentleg ei rockelåt som Mads føreslo at me skulle spela på piano i staden for, så då gjorde me det.


LES OGSÅ: Ukas viktigste konserter.

— Teksten handlar om folk nær oss som har gått på smeller, og at det kan vera vanskeleg å forstå kva som eigentleg skjer for folk på utsida. Som me som regel gjer, spela me inn mesteparten på hytta på Hvaler, og miksa sjølv i Oslo. Ein anna detalj er at oldefaren til Kase er ein av Færøyane sine fire store kunstnarar, og har stått for coverarten, fortel bandet om si nye låt.

Artikkelen fortset under låta.

Bandet starta opp i 2015 og består i dag av Jonas Rohde-Moe (bass), Andreas Kase (gitar/vokal), Mads Johansen (trommer) og nykommaren for bandet, Mattias Krohn Nielsen.


Skal spela inn album i september


Dei omtalar seg sjølv som «eit slacker-pop DIY-prosjekt» med ein felles fascinasjon for indierock/janglepop. The Doctor, singelen frå april tidlegare i år, har blant anna blitt anbefalt av The New Afternoon Show på WNYU radio.

FOTOGALLERI: Pelicat + Ezra Furman på John Dee.

Bandet har likevel ingen planar om å ta heilt av i sommar.


— Me skal spela inn album i september, me skal på turné i Japan på nyåret viss me har råd og tid, og me skal i bryllaupet til Kaja Gunnufsen i august. Bortsett frå det er det viktig å ta det roleg. Me går ikkje for verdsherredøme, seier dei.

Torsdag 15 juni speler de på Kampen Bistro, saman med The Ruby Suns og Ellis.

ANNONCE