GAFFA.no - alt om musikk.
Høyr den nye singelen her!
Den danske superstjerna MØ (bilete) har på ny gått saman med produsent og samarbeidspartnar Diplo på si splitter nye låt Sun In Our Eyes. Låta er ein smakebit på albumet Forever Neverland, som er venta 19. oktober via Colombia Records.
Dette er det første albumet hennar sidan debutalbumet No Mythologies To Follow i 2014. I etterkant av dette har ho gitt ut fleire singlar, blant anna Nostalgia frå mars i år.
LES OGSÅ: Jagger får VM-pepper.
— Sun In Our Eyes er ein kombinasjon av to faktorar som eg alltid streber etter i musikk - oppløftande og melankolske vibber, skal artisten ha uttalt ifølgje Pitchfork. Høyr singelen nedenfor.
Artikkelen held frem under videoen.
MØ og Diplo er ikkje ukjende samarbeidspartnarar for kvarandre. Tidlegare har dei blant anna samarbeida på kjempehiten Lean On, som kan seiast å vere ein av dei største singelsuksessane på Spotify med over ein milliard strømmingar.
LES OGSÅ: TV 2 valde bort kunst, kultur og musikk.
GAFFA Norge sin meldar Peder Ebbesen såg seg godt imponert over artisten sin opptreden, då ho vitja Sentrum Scene i Oslo tidlegare i år.
«Alle trenger MØ, men MØ trenger ingen. I det siste virker det som vi bare ser MØ kreditert som gjesteartist på ymse produsenter av ulike slag. Her blir den sterke stemmen og den vanvittige utstrålingen pakket inn i en EDM-pakke som ikke engang kler den smukke.
MØ er best på eget materiale, med navnet hennes først.»
Både Diplo og MØ skal opptre på Slottsfjell i juli, der Diplo er headlinar for festivalen i år. MØ er med som gjesteartist. Festivalen går av stabelen 19. til 21. juli i Tønsberg.