Albumanmeldelse

Musikk du kan tene pengar på

It’s Only Me - Lil Baby

Lil Baby

It’s Only Me

Verdas grovaste rapper er også den mest generiske.

For meg er hiphop ein sjanger som skal utfordre. Du får aldri 6 stjerner for bra vers og beats om det ikkje er noko som pushar grensene på kva som går an å gjere. Om det er å få nordmenn til å synge eit cover av ein tunisisk folkesong eller å ha ei stemme ein ikkje forstår, det skal utfordre. Mitt problem med Lil Babys ferske album It’s Only Me ligg i synet til sjefen i plateselskapet Quality Control. I eit intervju saman med Migos fortel han at målet er ikkje lengre å lage det beste albumet, men å ha ein marknadsandel av all hiphop som blir streama. Dette gjeld naturlegvis ikkje berre hiphop, men kvantiten er det nok ingen anna sjanger som kan matche. Lil Baby er så klart interessert i tene pengar, og det får dessverre førsteprioritet. Det er tydeleg at det fungerer også, på Apple Music har alle dei 23 låtane på skiva vore mest streama dei siste dagane.

It’s Only Me er prosjektet eg har gledd meg mest til i år. Lil Baby er verkeleg i sine prime år, og slik eg ser det skulle denne skiva bevise kvaliteten has no som han har blitt stor nok til at alle får det med seg. Skiva har 23 låtar og varer akkurat over ein time. På coveret ser vi Lil Baby sjølv sitte med nokre geiter og Mount Rushmore i bakgrunnen der han er alle fjesa. Geitene er såklart representative for Baby, han er the GOAT. Det meiner han sjølv vertfall.

Med prestasjonen sin på It’s Only Me syner han at når det gjeld å spytte til micen druknar er han ein av dei beste nokonsinne. Dessverre er det ikkje kun bars som er viktig.


Kynisk musikkproduksjon
It’s Only Me har eit stort minus som er direkte resultat av strategien til QC. Det er bruken av såkalla type beats. Desse byrja som ei greie for små rapparar og produsentar. Ein kunne finne ein billig eller gratis beat som likna på ein stjernene brukar og lage like verk. Vi får eit knippe Drake type beats, Roddy Rich type gitarbeats, Nardo Wick drepebeats og det summerer opp skiva produksjonsmessig.

Det er ikkje at Lil Baby ikkje har beatselection eller evne til å rappe over vanskelege beats, det har han vist mange gonger. It’s Only Me skal ha at i denne kapitalistiske drittmetoden å lage musikk som alle store artistar må forholde seg til i dag, så får Lil Baby det best til. Albumet er eit mesterverk i å treffe slik at låtane kan bli lagt inn i lister som RapCaviar og Get Turnt. Desse listene har 14 million og 6 million følgjarar, og kan difor definere kva som er populært.

Men når det er 23 låtar med ikkje så spanande beats blir det tøft å ha eit bra album, det er for langt til å halde interessen oppe. 


Features for forretning
Featureversa verkar også å vere eit utval av trendar, og ikkje samarbeid som har base i at ein trur ein kan skape bra kunst saman. Naturlegvis heiter låta med Pooh Shiesty, «Shiesty Talk». «Shiesty» betyr å vere grådig eller hensynslaus. Det vart gjort til ein stor trend av Pooh, og difor må ein ha eit hint av det på skiva. Det same gjeld Nardo Wick låten «Pop Out» som er skamfet. Det er tydeleg at ein har tenkt at «ein må jo ha Nardo Wick, folk elskar det. Send meg ein skummel barnekor beat!».

Problemet er at eg har høyrd det hundre gonger før, det er uinspirert og uorginalt. Igjen ligg det i produksjonen. For deg som heng med på trap er det ingenting nytt i form av beats, men versa treff hardt og er appellen i kvar låt.

Den ultimate traprapparen
Lil Baby bommar aldri på eit vers og stjel showet frå kven som helst frå Future til Drake. Slik eg ser det er han eit produkt, eit resultat av alt som har vore sett på som bra sider ved trap dei siste ti åra. Til dømes har den notoriske mumlestemma blitt bana veg for av artistar som Lil Yachty og Future, og er no godteke i mainstreamen. Difor kan Lil Baby ha stemma han har no utan problem, men han hadde vore stempla som rar soundcloud-rappar om det var 2015. Han kombinerer alt som har vore bra og er i ein ultimat traprappar. Om 20 år, når eg er kjedeleg og tek med ungane på hytta i teslaen kona har kjøpt til meg, er det dette som blir på auxen.


Det som er knallsterkt med Lil Baby er at sjølv om denne metoden blir brukt og nokre ser på det som eit fullstendig drap på kreativitet, er It’s Only Me eit bra album. Her kan du hente ut mykje til listene dine, og det er eigentleg poenget med trap. Det kjem frå mixtapes, du skal ikkje høyre det på same måte som eit album frå Kendrick Lamar. Som min venn og sjølverklæra Lil Baby ekspert seier, «Lil Baby album er aldri perfekt, berre dritbra». Til liks med My Turn frå 2020 er ikkje alt bra, men du får fetare flows, hardare bars og grovare beats enn på alle andre trapparar sine album. Det er berre synd å tenkje på kva det kunne vore om målet var å lage tidenes beste rapalbum, og ikkje å slavisk følgje krava som ligg bak å få kome inn på lister.

ANNONCE