Nyhet

— Eg lar meg inspirere av sterke kvinner som tør å gå utanfor boksen

GAFFA.no - alt om musikk.

Frå bandvokalist til soloartist: I dag debuterer Birgitta Alida med sin første singel.

— Eg har heile tida skrive eigen musikk parallelt med å spele i band, og følte at det var på tide å vise den. Det har vore ein naturleg og lang prosess å kome dit at eg turde å sleppe noko eige, seier bergensbuaren frå Tromsø til GAFFA.

Birgitta Alida Hole har bakgrunn som jazzmusikar etter å ha studert på jazzlinja i Bergen. Heile livet sitt har ho drive med musikk, spelt piano, fiolin og song. Tidlegare har ho opptredd som vokalist i band som Strange Hellos og Lumikide. No har ho bestemt seg for å «gunne på» som soloartist.


LES OGSÅ: Razika med ny start, ny singel og nytt plateselskap

I dag gir ho ut sin første smakebit frå debutalbumet som kjem neste år. Låta har fått namnet Something Real - eit passande namn på det ho skildrar som røff, sårbar og ærleg musikk med mykje «attitude».

— Tekstmessig blir eg inspirert av menneske, mellommenneskelege relasjonar og menneske sitt kjensleliv, som til dømes kjærleik, forelsking, sorg og vonbrot. Forhåpentlegvis vil publikum kunne kjenne seg att i musikken og lage si eiga tolking.


Artikkelen held fram under videoen.

Alida henter inspirasjon frå ulike kjelder og musikkepokar på det komande albumet. Musikken er produsert i samarbeid med Matias og Pablo Tellez. Sistnemde er også kjærasten til Alida.


Fleire musikalske greiner

— Publikum kan forvente seg eit album med stryk, blås, synthar, korarrangement og gitar. Og litt cembalo. Det kan gje assosiasjonar til 70-talet, med Joni Mitchell og The Beatles i spissen, i tillegg til meir moderne musikk som Beach House, Melodys Echo Chamber og Amy Winehouse.

LES OGSÅ: Vinnaren av den prestisjetunge DJ-konkurransen er kåra


— Eg lar meg inspirere av sterke kvinner som tør å gå utanfor boksen, fortel ho.

— I oppveksten høyrte eg mykje på musikk frå 60- og 70-talet. Det var pappa si platesamling som sette meg i gong. Men så blei eg fort bergteken av jazzen, og Billie Holiday var mitt store idol. Elles er eg glad i å skrive dikt, og lese dikt. Herman Wildenvey er favoritten.

ANNONCE