Den bergensbaserte DJ-en er i dag ute med sin andre singel - denne gong som originalproduksjon og ikkje som coverlåt.
Den bergensbaserte DJ-en er i dag ute med sin andre singel - denne gong som originalproduksjon og ikkje som coverlåt.
— Det heile starta med at manageren min pitcha over eit par toplines frå låtskrivarar, og etter første lytt blei eg hooked av teksten i What Do I Do. Eg fekk tilsendt vokalen og starta produksjonen etter korleis eg såg for meg at låta skulle bli. Utkastet etter første dag blei ganske tilnærma slik låta er ferdig. Så prosessen her gjekk utruleg kjapt, uttalar artisten i ein mail til GAFFA.
LES OGSÅ: Ingen Bråvalla i 2018 - les meldingen fra arrangørene.
Singelen har nettopp fått namnet What Do I Do og er antatt å bli ein stor sommarhit. Låta kan du høyre under.
Artikkelen fortsetter under videoen.
Det er ikkje meir enn sju månadar sidan Sjur covra Mario sin superhit Let Me Love You i frå 2004. Med 45 millionar streams på Spotify åleine har artisten litt å leve opp til når han no gir ut splitter ny musikk.
— 45 millionar streams er eit utruleg tal, og det skal godt gjerast å overgå det. Eg trur likevel at What Do I Do kjem til å bli like godt likt. Men den draghjelpa eg fekk frå originalen av Let Me Love You har nok ein del å seie for streamingtala, seier han.
LES OGSÅ: Truet MTV til å trekke tilbake negative anmeldelser.
Særleg ei inspirasjonskjelde har vore framtredande for Sjur undervegs i prosessen.
— Major Lazer og deira siste produksjonar har hatt stor innflyting på korleis mitt syn på popmusikk har utvikla seg. Dei har utan tvil gitt mykje til popsounden i dag. Eg har aldri prøvd å oppnå ein sound, men heller latt min eigen musikksmak bestemme retninga.