Nyhet

Patti Smith til Øyafestivalen

GAFFA.no - alt om musikk.

Den legendariske artisten rundar av Oslo-festivalen neste sommar.

Tidlegare denne veka blei dei første artistane for Øyafestivalen til neste år annonsert. Arrangørane lovar fleire artistslepp før jul, og allereie i dag er tre nye namn bekrefta. Både Patti Smith (bilete), Sleaford Mods og Dig Deeper kjem for å spela på den populære festivalen det komande året.

Førstnemnde har gleda av å skulle runda av festivalen laurdag 11. august, i storteltet Sirkus.

LES OGSÅ: Her er dei første åtte namna til Øyafestivalen 2018.

Patti Smith debuterte med sitt første album i 1975, og har sidan den gong gitt ut fleire imponerande plateutgivingar gjennom ei rekke tiår. Som artist og låtskrivar har ho blant anna samarbeida med Bruce Springsteen, R.E.M, Blue Öyster Cult og Kevin Shields frå My Bloody Valentine, for å nemna nokre.

Arrangørane skriv følgjande i ei pressemelding:

«Etter fleire tiår med lite aktivitet, var ho tilbake for fullt med album og turnear frå midten av 90-talet. Det ser ikkje ut til at ho skal bremsa med det første. Heile vegen har ho vore tydeleg og sosialt bevisst, med mykje på hjarta.»

Artikkelen held fram under videoen.

I år blei Øyafestivalen utseld raskare enn tidlegare år, og arrangørane meiner det kan vera verdt å ha dette i minne, når billettane no blir lagt ut for sal.

LES OGSÅ: Vil hindra at ny regel rammar norske festivalar.

Øyafestivalen 2018 går av stabelen i Tøyenparken 7. til 11. august. Billettsalet til festivalen startar torsdag denne veka på Ticketmaster.

ANNONCE