Nyhet

Rockestjerna sitt syrlege svar

GAFFA.no - alt om musikk.

Tom Morello frå Rage Against The Machine og Prophets Of Rage leverte eit syrleg tilsvar då ein Instagram-følgjar kritiserte innlegget hans.

Morello skal ha lagt ut eit bilete på Instagram, der han står side om side med gitaren sin. På baksida av gitaren – som er vendt mot kamera – har han klistra eit papir med teksten «Fuck Trump».

Dette er ikkje første gang gitaristen kritiserer Trump. Under framsyningar med bandet sitt har han ved fleire høve hatt same tekst klistra på gitaren sin.


LES OGSÅ: Arcade Fire til norsk festival.

Ein Instagram-følgjar kritiserte biletet på følgjande vis: «Enno ein framgangsrik musikar som plutseleg har blitt ein politisk ekspert».

Den tidlegare Rage Against The Machine-gitaristen valde å koma med eit syrleg tilsvar tilbake.


«Ein treng ikkje ha ei grad i statsvitenskap for å kunne sjå det uetiske og inhumane ved denne politikken. Når det er sagt, har eg tilfeldigvis ei grad i statsvitenskap frå Harvard University.»

Artikkelen held fram under biletet.


Det var GAFFA Sverige som først skreiv om saka.

Tom Morello er ein anseleg gitarist frå band som Rage Against The Machine, Audioslave og Prophets Of Rage, og er kjend for å ha eit sterkt politisk engasjement. Etter at Trump vann valet, har bandet teke til motmæle mot politikken hans, både i form av musikk og politiske utsegn.

LES OGSÅ: Kollapsa på scena.


Du kan lesa meir om Prophets Of Rage i dette intervjuet.

ANNONCE