Nyhet

Rag'N'Bone Man stadfesta til norsk festival

GAFFA.no - alt om musikk.

Skal toppa plakaten til OverOslo.

Fleire artistar er stadfesta til den komande festivalen på Grefsenkollen i Oslo. I dag kan arrangørane avsløra nok eit namn på programmet neste sommar.

Britiske Rag'N'Bone Man (bilete) blir det store trekkplasteret til opningsdagen av OverOslo. Han står klar på scena onsdag 20. juni.


Festivalsjef Lars Petter Fosdahl er strålande nøgd med bookinga.

— Den fantastiske soulstemma kjem til å kle amfiet vårt perfekt denne midtsommarkvelden, og vil bli ei nydeleg avslutning på ein allereie heftig kveld med Sigrid, Stein Torleif Bjella, Gåte, Eva Weel Skram og enno nokre fleire artistar.

Dette seier han i ein kommentar til GAFFA.


LES OGSÅ: NRK tar Spellemann-grep.

For drygt åtte månadar sidan hadde artisten konsert på Parkteatret i Oslo. Vår anmeldar Øyvind Lønberg ga konserten fire stjerner og uttala blant anna følgjande om artisten:

«Rory Graham har ei soulstemme i verdensklasse og er stort sett ei sann fryd å høyra på.»


Artikkelen held fram under videoen.

Rundt 20.000 besøkjande tar turen innom OverOslo kvar sommar, og det er ingen tvil om at festivalen har hatt ein stor vekst dei siste åra. Tidlegare i år kunne Nordre Aker Budstikke melda om ein førebels stopp i billettsalet, på grunn av for stor pågong ved førre festival i sommar.


Det blir derfor spennande å sjå kor raskt billettane forsvinn denne gongen.

LES OGSÅ: Frankrike si rockelegende Johnny Allyday er død.

OverOslo blir arrangert frå 20. til 23. juni 2018. Billettar kan kjøpast på Ticketmaster.


ANNONCE