Nyhet

Førre gong gjekk alt gale: No vender Mariah Carey tilbake til Times Square

GAFFA.no - alt om musikk.

I fjor opptrådde Mariah Carey på Times Square i New York under nyttårsfeiringa. Dette skulle visa seg å bli ein skandale. No ynskjer popdivaen å prøva på nytt. 

Artisten sjølv offentleggjorde nyhenda på Twitter for nokre dagar sidan, med den sjølvironiske kommentaren «Take 2». 

Mariah Carey skapte heftige overskrifter verda rundt, då ho opptrådde på TV-programmet «Dick Clark’s New Year’s Rocking Eve With Ryan Seacrest» i fjor.

LES OGSÅ: Så dårleg gjekk det då Mariah Carey skulle syngja inn det nye året.

Tekniske problem førte til at artisten måtte gi opp både synginga og miminga, og nettstaden Consequence of Sound konkluderte med at dette var slutten på karriera hennar. 

— Det var... forbløffande, skal Carey ha uttalt med tydeleg sarkasme til publikum, etter forsøket på framføringa av låta Emotions

Artikkelen held fram under videoen.

Etter skandalen blei arrangøren Dick Clark Productions skulda for å ha sabotert konserten medvite, for å auka sjåartala. Arrangøren avviste dette, og partane er i dag enig om at feilen skuldast ein defekt in-ear-monitor. 

LES OGSÅ: Feire angrep mot musikare.

Ifølgje Variety vil Carey denne gang opptre med både band og dansarar på scena. Kor vidt musikken vil vera live, står det ingenting om.

ANNONCE