GAFFA.no - alt om musikk.
Tre år har gått sidan bergensbandet ga ut si førre plate. No er dei tilbake med ny musikk - denne gang litt eldre og kulare enn før.
Razika ga ut sitt første album i 2011, og har i seinare tid blitt kjent for fleire store hits, som Om igjen, Vondt i hjertet og Faen ta deg. Singelen En sjanse til blir gitt ut gjennom plateselskapet Jansen Records i dag, og representerer på mange måtar ein ny start for bandet.
LES OGSÅ: ABBA opnar Mamma Mia!-restaurant i London.
— Det er vel mest av alt ein musikalsk ny start. Då me starta å skrive nye låtar, innsåg me at det høyrtes heilt likt ut som alt me hadde gjort før. Me skjønte me måtte gjere noko anna. Så etter litt prøving og feiling, og mange dårlege låtar, fann me endeleg ut kva slags retning plata skulle ta, seier dei i ein kommentar til GAFFA.
Artikkelen held fram under låta.
Singelen blir ein smakebit på det komande albumet, som kjem i november. Med seg på albumet har dei fått med produsent Matias Tellez, som jobba med debutalbumet deira Program 91 tilbake i 2011.
LES OGSÅ: Vanilla Ice var om bord på flyet der mange blei sjuke
Dei siste tre åra har jentene turnert landet rundt, før dei valde å ta seg ein aldri så liten pause frå rampelyset for å skrive musikk. Denne gang har dei bytta ut rocken med pop.
— Korleis har bandet utvikla seg i løpet av dei siste åra?
— Me er blitt litt eldre og litt kulare. Me tenkte mykje over at om me skulle gje ut eit fjerde album, måtte den vere annleis. Me måtte tilføre noko nytt. Og det har me klart, seier dei.
Det nye albumet, Sånn kjennes verden ut, kjem 30. november.