GAFFA møtte stjerna i Oslo:

Little Steven-initiativ skal gi norske elevar betre kulturundervisning

Little Steven fotografert i Oslo.
Denna veka lanserte Steven Van Zandt undervisningsprosjektet sitt utanfor USA for første gang. Mandag signerte artisten ein avtale med Den kulturelle skulesekken og Edvard Munch videregåande skule, som skal auka kulturinteressen blant norske elevar.

Steven Van Zandt, eller Little Steven, er eit navn som er kjent for mange nordmenn. Dei fleste kjenner han enten som Bruce Springsteens gitarist, som Silvio Dante i «The Sopranos» eller som Frank Tagliano i «Lilyhammer». Det kanskje ikkje så mange veit, er at han også er ein aktivist med eit brennande engasjement for samfunnspolitikk.

Detta engasjementet leda han til å starta organisasjonen Rock and Roll Forever Foundation (RRFF) i 2007.

LES OGSÅ: Pstereo hentar inn rocka erstattar for First Aid Kit.

Med seg som grunnleggarar har han solide navn som Bruce Springsteen, Martin Scorsese og Bono.

Kunstintegrering i norske klasserom

Sidan 2007 har RRFF også fått ein pedagogisk del med navn TeachRock, som utviklar tverrfaglige undervisningsopplegg for skular – heilt kostnadsfritt. Målet er å auka interessen og kunnskapen rundt kultur og kunst blant elevar og lærerar.

Denna veka inngjekk Van Zandt og RRFF eit historisk samarbeid med Den kulturelle skulesekken og Edvard Munch VGS i Oslo.

– Eg håpar detta kan vekka interessen deira på ein måte som vanlig undervisning ikkje har får til lengre. Man kan ikkje snakka om framtida eller fortida med denna generasjonen, man må snakka om det som skjer no. For å vekka engasjementet deira for fortida, må me ta utgangspunkt i det som engasjerar dei i dag, fortel Steven Van Zandt til GAFFA.no.

Foto:Helge Brekke | GAFFA
Steven Van Zandt saman med Stein Kristian Dillevig og Thorild Osdalen under signeringa på The Thief i Oslo.

Undervisningsopplegget skal dekka alt fra samfunnsstudier og språkkunnskapar til geografi, mediestudier, vitenskap og generell musikk med meir, og på den måten bedriva engasjerende og meningsfull kunstintegrering i klassar over heile verda.

Foreløpig er Noreg det første landet som inngår ein slik avtale med RRFF utanfor USA.

For lite kulturengasjement i den norske skulen

Thorild Osdalen fra Den kulturelle skulesekken er spent på kva avtalen kan føra med seg, og ser potensiale i å skapa meir engasjement for kulturundervisning blant både elevar og lærerar:

– Per i dag er det ingenting i lærarutdanninga som knyter lærerar til Den kulturelle skulesekken. Me håpar at denne avtalen kan bidra til å auka engasjementet blant lærerane og dermed også blant elevane. Målet er at detta kan vera eit virkemiddel til å gi ein bedre kulturell undervisning i norske klasserom. 

LES OGSÅ: Elton John rasar mot «Rocketman»-sensur.

Den kulturelle skulesekken (DKS) er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelevar i Noreg får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag. DKS er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Foto:Helge Brekke | GAFFA
Little Steven møtte GAFFA til intervju på The Thief etter signeringen tidligere denne veka.