GAFFA-redaksjonen anbefalar:

Desse konsertane kan du ikkje gå glipp av på Tons of Rock denne veka

Stemningsbilde fra festivalen Tons of Rock.
For sjette år på rad skal Tons of Rock servere vaskeekte rockefestival. Nytt av året er at festivalen ikkje lenger er på Fredriksten Festning i Halden, men på Ekeberg i Oslo.

Tons of Rock har alltid vore eit samlingspunkt for hardrockfans frå inn- og utland.

Dei har vore ein festival som år etter år sankar store namn til plakaten sin, men som også har vært gode til å representere ulike nyansar i metall, så vel som nyare, meir ukjente artistar.

LES OGSÅ: Pussar opp legendariske musikkvideoer.

I år er det namn som Kiss og Slayer som ruver på den øvre delen av plakaten. Desse skal du sjølvsagt sjå. Dei var vel grunnen til at du kjøpte billett i utgangspunktet? Men når du først har tatt turen til Oslo og Ekebergsparken, kva for konsertar er det du må ha med deg? GAFFA-redaksjonens anbefalingar er som følgjer:

Eit etterlengta comeback

Kven: Djerv
Kvar: Vampire Stage
Når: Torsdag 27. juni, klokka 17:30
Kvifor: Etter fem års pause gjer Djerv comeback på årets Tons of Rock. Heavy metal-bandets vokalist, Agnete Kjølsrud, er kjent for å vera ein av Norges mest karismatiske, og me blir lova eit fyrverkeri av eit show på Vampire Stage torsdag ettermiddag. I tillegg utgjer Kjølsrud éin av to kvinner blandt dei totalt 38 banda på årets festival, som er ein grunn i seg sjølv til å ta turen til Vampire Stage. Bandet spelar på utvalgte festivalar i sommar, men viss du vil vera den første til å sjå dei på fem år, må du ta turen til Ekebergsletta torsdag.

Anbefalt av Mari Henanger

Mørkets oppdagerar

Kven: Ulver
Kvar:
Vampire Stage
Når:
Torsdag, 27. juni, kl. 19:50
Kvifor: Sidan 1993 har svartmetall-pionerane stadig utvikla seg i ein stadig meir eksperimentell retning. Frå svartmetall-trilogien Bergtatt, Kveldsanger og Nattens Madrigal, til det elektroniske lydsporet Perdition City. Ulver er eit evigendrande enigma. Kva vil konserten dei skal framføra på Tons of Rock innehalde? Det er ikkje lett å seie. Og det er nettopp derfor du bør sjå dei.

Anbefalt av Henrik Engø Lesjø

Meme eller rock?

Kven: The Hu
Kvar: Scream Stage
Når: Fredag, 28. juni, kl. 13:30
Kvifor: Tradisjonelle mongolske instrumenter, strupesong  i samlag med standhaftige rockerytmar. Dei er eit av de få ikkje-vestlege gruppene som spele på festivalen, og dei er også et av dei mest unike. Dei kjem verkeleg kjem til å spele opp til dans i dei tidlege timane på fredagen.

Anbefalt av Henrik Engø Lesjø

Eventyr og tidsreise

Kven: Hällas
Kvar: Vampire Stage
Når: Fredag 28. juni, klokka 14:20
Kvifor: Det svenske adventurerock-bandet, Hällas vekser stadig i popularitet. Sidan debutalbumet kom ut i 2015 har det gått slag i slag, og til høsten dreg dei ut på Europaturné for andre gong. Med 70-tallsinspirert musikk og stil er konsertane deira som ei tidsreise, men uten følelsen av at man ser på ein parodi. Vår søsterredaksjon i GAFFA.se såg bandet live i begynnelsen av mai, og gav konserten fem av seks stjerner.

Anbefalt av Mari Henanger

Blodig alvor

Kven: Obliteration
Kvar:
Vampire Stage
Når:
Laurdag, 28. juni, kl. 14:20
Kvifor:
Dette er dødsmetall av den gamle skulen. Riffane høyrast ut som om dei kjem ut av sprengte Peavy-forsterkarar, trommene er insisterande, og vokalen er ikkje typisk dødsmetallskriking. Den verker menneskeleg, men fullstendig desperat. Desse Kolbotn-gutane minner om tidleg Entombed i måten dei er teknisk briljante, men likevel veldig rå og upolerte. Høyrast det ut som noko for deg, så er det berre ein ting å gjere!

Anbefalt av Henrik Engø Lesjø

Ein gylden mulighet

Kven: Gluecifer
Kvar: Scream Stage
Når: Laurdag 29. juni, klokka 20:15
Kvifor: Etter at Gluecifer erklærte comeback i november 2017 har det ikkje stått stille for hardrockbandet fra Oslo. På slutten av 90-tallet og begynnelsen av 2000-tallet gjorde bandet suksess både her heime og i utlandet. Det var til fansens store sorg at dei spelte avslutningskonsertar i Norge, Tyskland, Spania og New York i 2005. I fjor haust selde dei ut Sentrum Scene heile fire gongar. For dei som ikkje fekk tak i billett, så har man muligheten til å få sett Gluecifer laurdag kveld på Tons of Rock!

Anbefalt av Henrik Engø Lesjø

LES OGSÅ: Dave Mustaine kreftdiagnostisert.

Nokon vi har gløymt? Legg gjerne igjen ein kommentar under artikkelen, eller på GAFFAs Facebook-side om kva konsertar du gleder deg mest til på årets Tons of Rock.