Frontmannen i albumaktuelle The Waterboys:

Åpnar opp om ei uventa musikalsk inspirasjonskjelde og kvifor han alltid reiser med gaffateip på turné i Norge

The Waterboys-frontmann Mike Scott.
Bandet som på 80-tallet blei spådd å vera det neste U2, tok for mange ei overraskande dreining da dei valgte å gå i ein meir folkeinspirert sjanger med albumet Fisherman's Blues i 1988. No er Mike Scott og resten av The Waterboys klar med albumet Where the Action Is.

Det er fredag kveld i distriktet Shibuya i Tokyo. Gatene er fulle av butikkar, restaurantar og folk. Masse folk. Blant dei fargerike neonlysa går ein eksentrisk skotte med cowboyhatt og solbriller. Han går i lynraskt tempo der han svinsar rundt på gågata i det travle distriktet. Det skal mykje til for å skilla seg ut i denna byen, og ein svinsande skotte er ikkje nok til å bli lagt merke til. Mannen får dermed vera i fred der han går og filmar seg sjølv med mobilkamera, medan han synger høgt for seg sjølv.

Man kan trygt sei at Mike Scott tok lavbudsjett til eit nytt nivå då han lagde musikkvideoen til tittelsporet Where the Action Is fra The Waterboys’ nyaste album.

LES OGSÅ: Norge rykkar ned ein plass i Eurovision.

Bandet som på 80-tallet blei spådd å vera det neste U2, tok for mange ei overraskande dreining da dei valgte å gå i ein meir folkeinspirert sjanger med albumet Fisherman’s Blues i 1988. Sidan da har bandets frontfigur, den respekterte låtskrivaren, Mike Scott, blitt kjent for å ikkje la det kommersielle presset gå på bekostning av sin musikalske integritet.

Uventa inspirasjonskjelde

Scott er opprinnelig fra…Skottland, men bur no i Dublin der han stort sett sit og jobbar med musikk i heimestudioet sitt. På telefon med GAFFA fortel han korleis det nye albumet blei til og om ei noko uventa inspirasjonskjelde:

– Eg har som regel aldri ein plan når eg jobbar med musikk. Eg går i den retninga songen tek meg, og det hender at eg blir overraska over kvar den landar. Eg hadde for eksempel ikkje trudd at eg skulle enda opp med å rappe i den eine songen på albumet.. Eg likar å høyra på hiphop og er stor fan av både Kendrick Lamar og Anderson .Paak, fortel Scott, og medgir i samma slengen at rappinga gav mersmak.

I løpet av karrieren har The Waterboys etablert seg som eit folkekjært band, og til hausten dreg dei nok ein gong ut på turné.

Til tross for at Scott foretrekker å jobba på med musikk på eigenhånd, tykkjer han det er deilig å komma seg ut på turné og treffa dei andre bandmedlemma.

Alltid gaffateip i bagasjen

Til hausten spelar dei på Sentrum Scene i Oslo, og Scott kan fortella at han alltid reiser med gaffateip i bagasjen når han besøker Norge:

– Av ein eller anna grunn er det alltid vanskelig å få slått av klimaanlegget på norske hotellrom. Den tørre lufta det medfører tørkar ut songstemma mi, så derfor har eg lært meg å alltid reisa med gaffateip på turné, slik at eg kan teipa igjen ventilen på anlegget.

LES OGSÅ: Sluttar i Honningbarna.

Albumet, Where the Action Is, blir slept i dag, og fredag 1. november spelar The Waterboys på Sentrum Scene i Oslo.

Foto:Scarlett Page
– Eg har som regel aldri ein plan når eg jobbar med musikk, fortel Mike Scott i albumaktuelle The Waterboys til GAFFA.