x

Ein givande, men ganske tidkrevande arbeidsprosess

Ein givande, men ganske tidkrevande arbeidsprosess

Bob Hund-trommeslagar Christian Gabel opptrer for første gang i Noreg med soloprosjektet 1900 denne veka. Ovanfor GAFFA fortel han om litt om prosessen bak musikken.

— Å halde ein instrumentalkonsert er nok ikkje så uvanleg som folk kanskje tenkjer, anten det dreier seg om klassisk musikk, jazz eller EDM. Men i dette tilfelle er det visuelle uttrykket ein like stor del av konsertopplevinga som sjølve musikken. 

På onsdag står Christian Gabel på scena til Vulkan Arena i Oslo. Saman med komplett band, scenograf og videoprosjektor vil han for første gang framføre musikken frå soloprosjektet 1900 og albumet Tekno i Noreg. 

LES OGSÅ: Vil at fleire skal gjere som Prepple.

Artisten sjølv lovar ei heilskapleg oppleving av både lyd og bilete, og presiserer ovanfor GAFFA at ingen skal måtte gjespe seg gjennom konserten - trass i at konserten «berre» består av instrumentalmusikk. 

— Eg prøver å lage ei kjensle av å setje lydspor til minner, det vere seg verkelege minner eller falske. Dette gjer eg gjennom å få lydbilete til å låte så slitt og brukt som mogleg, seier Gabel. 

Ukjende minner

— Målet er at publikum skal gå heim med ei kjensle av å ha opplevd minner dei ikkje visste dei hadde. 

Som musikar er han først og fremst aktiv som trommis i det svenske bandet Bob Hund, og har hatt ei medverkande rolle på album til artistar som Thåström, Ossler og Conny Nimmersjö. 

Artikkelen held fram under videoen.

I vår selde han ut heile seks framsyningar på Orionteateret i Stockholm i samband med soloprosjektet sitt. Ein av konsertane resulterte i seks stjerner av GAFFA Sverige sin meldar. 

Korleis er dette prosjektet annleis enn det du har gjort tidlegare?

— Det er jo ei heilt anna sak å skulle jobbe i eit band med andre, enn å sitte åleine i eit studio og eksperimentere med lydbilete, opplyser Gabel. 

Eit kollektivt «oss»

— Det heile starta med at ein bekjent ga meg ein gamal bandopptakar som knapt fungerte. Eg byrja å spele inn og likte korleis lyden vrengte seg. Bandopptakarar legg til ein masse støy, smatidig som det gir ei kjensle av musikk som alltid har vore til stades. Det er ein givande, men ganske tidkrevande arbeidsprosess. 

På kva måte representerer dette prosjektet deg som artist?

— Eg er ikkje så veldig interessert i mitt eige «meg». Det handlar meir om «oss». Dei temaene som musikken tar for seg er meir kollektive minner og erfaringar enn personlege, og eg forsøker å halde det visuelle nett slik, seier Gabel.

LES OGSÅ: Kim Larsen er død.

— Det er ganske lenge sidan første albumet blei gitt ut, men framleis hender det at bekjente som har lytta til 1900 ikkje veit at det er eg som lagar musikken. Det likar eg. På denne måten kan eg relatere meg til tidleg elektronisk dansemusikk, der musikken meir enn artisten står i fokus. Det blir liksom mystisk og samtidig inkluderande. 

1900 spelar på Vulkan Arena onsdag kveld. Meir informasjon om konserten finn du her.


Nyheter, artikler og anmeldelser fra GAFFA