Albumanmeldelse

Endeleg har han fått det til igjen

Honestly, Nevermind - Drake

Drake

Honestly, Nevermind

Det beste fra Drake på mange år er fortsatt ikkje som i gulltida.

Drake sitt sjuande studioalbum sett han i eit betre lys enn han har vore i på lenge. Honestly, Nevermind vart sluppe utan noko forvarsel. Det har vore tilfellet med fleire av hans beste prosjekt. Drake er best når han finn seg musikk som ikkje er så alt for populær og blandar den med talentet hans. Dette har vore kontroversielt, og har utvilsamt gitt Drake den plassen han har i musikkbransjen.

I denne omgangen er det deephouse, jersey club og amapiano som har blitt nyoppdaga av mannen som faktisk got more slaps than The Beatles (google it!).

Overgrov produksjon
Trass i at Drake har både sunge og rappa på mange beats med liknande inspirasjon tidlegare er dette eit nytt nivå. Honestly, Nevermind er rein dansemusikk meint for klubbing og dei stranddagane der det går ned mest alkohol. Låtar som «Calling My Name» og «Sticky» med sin overgrove produksjon er høgdepunkta på skiva.


Det fins ikkje plass til å liste opp alle som har vore med å skrive og produsert skiva. For i tillegg til 40 og Tay Keith som “alltid” er med har Drake henta inn eit lag av elektronikaprodusentar. Black Coffee er ein av fem executive producers og er hovudpersonen for det vi får av amapiano, ein nokså fersk sørafrikansk undersjanger. Black Coffee er med andre ord kisen som knyt saman det elektroniske og gjer albumet så dansbart som det er.

Timing er alt
Sjølv om det er mykje bra her, fungerer ikkje alt. «Down Hill» høyres ut som den neste, dårlegare Kahootlåten. Andre låtar er nok allereie i spelelistene til H&M. Desse er kjipe, men eg trur mange kan nyte litt H&M musikk i rett setting.

Difor var det kritisk at Drake publiserte prosjektet no som sola skin så sterkt at vi mistar litt kritisk sans. Honestly, Nevermind ligg nok på hylla allereie første september etter overspeling i sommar.


Rappinga er sett på vent
Tekstane på skiva er ikkje så mykje å snakke om. Det er dominert av Drake sin typiske syngestil, og fungerer som det har gjort før. Han evner som alltid å treffe på å synge om kjærleik på eit vis som er akkurat diffust nok til at alle kan relatere til kvar låt i ein eller anna grad. Grunna produksjonen som er vald her, passer dette seg bra.

Eg likar at han gir plass til produksjonen i staden for å legge harde vers oppå som han ikkje har skrive sjølv og handlar om noko ein 35-åring ikkje bør rappe om uansett. Der han faktisk legg vers, som på  «Sticky», er låta produsert rundt dette på perfekt vis. 

Velkommen i dørstokken
«Currents» er ei låt som fortener litt ekstra merksemd. Lyden som Drake sikkert har spelt inn med ein av 18-åringane han visstnok ligg med kjem til å gjere det dritbra på Tik Tok. Streams skal han nok få uansett kor teit, kult eller morosamt du meiner knirkelyden er. Saman med det rare, sassy albumnamnet beviser Drake at han ikkje er heilt ferdig med å vere corny. 


Etter Certified Lover Boy, Dark Lane Demo Tapes, Care Package og Scorpion har mange sakna Drake som eksklusivt slapp skiver av høgste kaliber som Take Care eller Nothing Was The Same. Han har blitt ein meme og forrige album sørgja for ei bølgje av latterleggjering. Eg stiller meg bak kritikken han fekk, CLB var kjedeleg og hadde ei sky over seg av alt det kleine dritet Drake posta på Instagram da det kom ut. Med Honestly, Nevermind har han prøvd noko nytt og bør få kome inn igjen i varmen, eller i det minste få stå i dørstokken.

ANNONCE