Debutalbum fra Stay Young:

Ein nesten veldig bra debut om livet sjølv

Stay Young er klar med debutalbumet «Entry of Exit Park».

Stay Young sin hyllest til livets mange fasettar er eit godt debutalbum, men avstanden mellom topp og botn er i lengste laget til at heilskapen når heilt opp med det beste frå 2019.

Stay Young
Entry of Exit Park
Album | 08.11.2019
Burning Feet Records

Bergensbandet Stay Young er etter eit år med spelejobbar, fleire singelslepp og gode tilbakemeldingar i ymse aviser og magasin omsider klare med langspelaren Entry of Exit Park. Albumet er i følge bandet sjølv eit delvis konseptalbum om ulike fasettar av eit liv, med både kaos, mørke og lys.

Det er fasettar dei fleste kan kjenne att, og som livet sjølv er Entry of Exit Park ei variert, men for det meste veldig bra, sak.

LES OGSÅ: Indiefavorittar bekreftar brot.

Gjennom albumet viser bandet ein grådig god teft for melodiar, og spesielt dei første spora skil seg ut. Heilt ærleg var det eit anna album eg hadde forventa meg då eg første gong høyrde introsporet. Den litt seige, og stadig vaksande introen vitnar om at noko kanskje litt større og meir pompøst er på veg. Det albumet faktisk er, og som kanskje fungerer vel så godt, er enkel og riffbasert alternativrock. Veldig velspelt, og det gode drivet ein kjenner frå band som Hjerteslag er heilt til stade. Dette er forøvrig neppe heilt tilfeldig, då produsent Anders Bjelland her er ein fellesnemnar.

Assosiasjonane undervegs går hjå underteikna aller mest til The Dandy Warhols sitt The Dandy Warhols Come Down frå 1997, og via Euroboys og Supergrass overraskande nok heilt til Savoy. Inntrykka er mange og referansane i orden.

Best i høgare tempo

Diverre er det slik at der Stay Young taklar litt henslengt gitarrock veldig godt, skrantar det litt på å halde seg interessant når tempoet senkast. Trass i ein grådig fin outro, kjem til dømes ikkje Airplanes opp på det same nivået som bestelåtene Stay Young og Walk Through Walls. Når heller ikkje sistesporet Into the Universe når heilt opp, vert det for underteikna ei litt antiklimatisk avslutning på eit elles nokså bra album.

Entry of Exit Park er ei god samling med låter, sjølv om det kanskje heilskapleg ikkje kan stille seg heilt på linje med det beste som har kome ut i eit elles godt musikkår. Likevel er det eit debutalbum Stay Young kan vere stolt over, for her er det mykje fint å ta av og toppane er skyhøge. Kveldssol, road trip og debuten til Stay Young på spelaren. Det er ein fin tanke.

Fekk du med deg denne?