Platemelding av Killer Kid Mozart:

Ein debut av dei sjeldne

Det norske bandet Killer Kid Mozart.

Det kan vere vanskeleg å leve opp til forventningane med så mange lovord i bagasjen, og Killer Kid Mozart tar utfordringa på strak arm. Med litt Motorpsycho, litt Cloud Nothings og mykje melodi leverer dei ein debut av dei sjeldne.

Killer Kid Mozart
For The Night
Album | 15.03.2019
Furuberget

Grovt to år har gått sidan gutane i Killer Kid Mozart vart kåra til Ukas Urørt og hausta lovord for låta Closure. Sidan den gong har bandet tatt runden som både oppvarmingsband og headliner på ulike konsertstader i landet, og ikkje minst spelt inn debutalbumet sitt. Og for ein debut, då!

Killer Kid Mozart spelar powerpop for dei som saknar 90-talet, anten ein var del av det eller ikkje. Då snakkar eg ikkje om dei som i fjollete kvitvinsrus og full av ironisk distanse set på Spice Girls på fest. Her er det nemlig ikkje rom for fjolleri og ironisk distanse, og eit kvart nikk til 90-talsheltar som Ken Stringfellow og J. Mascis kjenst som reine hyllestar.

LES OGSÅ: Erykah Badu til Øya.

Dette er for dei som høyrde Pinkerton på fest i ’97, vi som høyrde The Killers på fest ti år seinare og skulle ønske vi var i førstnemnde gruppe, og dei som høyrde Kygo på fest i ’17 og ikkje anar kva vi klaga for. I så måte følger Killer Kid Mozart på eineståande vis opp arbeidet band som Hiawata! og Beachheads har gjort før dei her til lands.

Alle bør høyre på Killer Kid Mozart

Noko av det første som slår meg i det eg set på For the Night for første gong, er kor riktig alt høyrast ut. Bandet går rett på sak serverer alt ein skulle ynskje seg av gode gitarmelodiar over enkle akkordprogresjonar, energiske trommer og akkurat passeleg henslengt vokal. Her er det med andre ord mykje å forsyne seg av. Lydmessig er ikkje dette heilt ulikt allereie nemnde Hiawata!, som produsent Kenneth Ishak har hatt med å gjere frå før, og ein skal som kjent ikkje reparere det som fungerer.

Det heile startar med to låter etter stødig oppskrift før vi får platas første høgdepunkt i form av Porcelain Doll. Det er først her at bandet høyrast ut til å leike seg skikkeleg med både sekvensar og rytme, og inneheld både fleire taktskifte og eit nedpå koringsparti midt i låta. Dette er det moro å høyre på, men høgdepunktet er likevel outroen – ein gitarsolo Hans Magnus Ryan frå Motorpsycho like gjerne kunne ha spelt ein gong rundt Blissard.

LES OGSÅ: Ny studie: Avkreftar dødsmetal-myte.

Slike krumspring blir det dog ikkje meir av før sistesporet, for no er det fengande gitarrock som gjelder. Spesielt frå I’m Tired (And I Just Want to Go Home) til og med Brain skinner bandet, og teften for melodiar presenterer seg verkeleg på platas kanskje beste låt There is Nothing I Want More. Sjangeren tru er det over like raskt som det starta, etter ti spor og ein grov halvtimes speletid, men ikkje før knalltøffe Passing Through avsluttast med ein herleg lydvegg. Her er det berre å skru opp lyden og nyte det.

Eg nemnde innleiingsvis at dette er  for dei som saknar 90-talet, men søren heller. Alle skal høyre på Killer Kid Mozart. Dette er ei plate eg forventar å sjå på listene når musikkåret 2019 skal oppsummerast, og eg gler meg allereie til å gjenoppdage denne plata igjen og igjen.