Charli XCX i Oslo:

Leverar ustoppelig energi på scena

Den britiske artisten Charli XCX på John Dee i Oslo.

Tirsdag kveld blei John Dee fylt opp av eit festglad publikum da Charli XCX gjesta Oslo for første gang som headliner.

Charli XCX
John Dee, Oslo
Konsert | 05.11.2019

Det britiske popfenomenet Charli XCX har vore ein del av topplistene lenge. Med fleire suksessfulle musikksamarbeid i ryggsekken, hugsar me ho som vokalist på blant anna Icona Pops I Love It og Iggy Azaleas Fancy. Ikkje at ho nødvendigvis har trengt desse samarbeida.

27-åringen gav i haust ut sitt tredje studioalbum, og det kan me trygt sei at publikum har fått med seg.

LES OGSÅ: Øyafestivalen med årets første artistslepp.

Førre gong Charli XCX spelte i Oslo var i 2015 som oppvarming til Katy Perry. I fjor varma ho opp for Taylor Swift på hennar «Reputation Stadium Tour». Tirsdagens konsert skulle egentlig vera på Sentrum Scene, men grunna «produksjonstekniske årsakar» måtte den bli flytta til John Dee.

Så korleis blei overgangen fra stadionkonserter i USA med Taylor Swift til klubbscena på John Dee i lille Oslo?

Energibunt utan like

Allereie fra første song er det tydelig at Charli er vand med å jobba på ei større scena. Ho har ein enorm energi der ho spretter fram og tilbake til Next Level Charli. Publikum er med og hyler kvar gong ho kastar armen opp i været.

Charli er heilt aleina på scena. Ingen dansarar og ingen DJ. Det legger desto større press på ho som må halda merksemda til publikum konstant. Detta klarar ho med glans! Publikum kan teksten på samtlige av refrenga hennar, og da Vroom Vroom blir dratt i gang synger publikum med fra start. Det er ikkje siste gongen det skjer i løpet av konserten.

Det er ingen tvil om at Charli XCX har ein fanskare i Norge, tydelig takknemlig for at dei endelig får sjå ho live som headliner. Ho trenger knapt be dei om å gjer noko, for dei gjer det allereie på eige initiativ. Hendene er i lufta, dei trampar, hoppar og synger med. Dei elskar ho, og ho elskar dei.

Eg kan nevna i fleng alle songane det oppstår allsang på: Gone, White Mercedes, Official, Blame It On Your Love, I Love It, Boys, 1999….eg kan fortsetta.

Vel mykje lysshow og lydeffektar

Musikken til Charli XCX er i stor grad elektropop. Lydeffektar er dermed ein stor del av musikken og showet hennar. Det er også lyseffektane, som på mange måtar fyller tomrommet bak ho på scena. Den intense bruken av strobelys kunne blitt tona ned for min del, da det tidvis nesten overskyggar Charlis nærvær. Same med lydeffektane. Ho trenger det ikkje. Ho er nok i seg sjølv, og den overdrevne bruken av lys og lyd blir nesten meir forstyrrande og repetitivt i lengden.

Mange av songane blir veldig like kvarandre, fordi dei ikkje får lov til å leva på eige hånd uten ekstra lyd og lys. Fansen brydde seg mest sannsynlig ikkje, for dei fekk ein intim og heftig festkveld på ein elles iskald novembertirsdag.