Klassisk og moden debutant

Marte Røyeng
No One
Konsert | 23.01.2017

Marte Røyeng kan ikkje seiast å vera eit kjent namn for dei fleste. Det burde ho kanskje ha vore. På sin første EP har ho allereie oppnådd det som mange artistar strever mot, nemleg å framstå som ein trygg, sjølvstendig musikar med eit heilt eige særpreg som ikkje er til å ta feil av. 

Musikken er klassisk, moden og bærer preg av noko sårbart som vanskeleg lar seg definera. Måten ho lener seg mot det usikre og forunderlege i tekstane sine, målt opp mot den musikalske tyngda og kvaliteten som ligg bak kvar einaste del av gjennomføringa, viser at dette er ei dame med mykje talent. Særleg på tredjesporet While You Can blir me vitne til dei velutvikla ferdighetane hennar som tekstforfattar, idet ho malar fram ein djuptliggande bodskap gjennom verkelegheitsnære og banalt enkle, men effektive, metaforar.

Røyeng spelar godt på lag med produsenten, som skal ha skryt for å ha satt saman ein luftig, solid instrumentell setting til å støtta opp om og framheva dei positive kvalitetane ho har. Alt i alt ei stilfull, dempa og uskyldig tilnærming som er godt kledeleg. «Less is more»-prinsippet fungerer utmerka i dette tilfelle.

Samtidig er det nettopp det forsiktige utgangspunktet som trekker ned: Det blir tidvis litt for monotont i lengda. Eg saknar enno større klimaks på tittelsporet og kunne gjerne tenkt meg at Røyeng utfordra seg sjølv meir vokalmessig. Etter alt å dømma har ho jo ei utvilsamt vakker songstemme. 

Ein ting er i alle fall sikkert: Dette er ikkje det siste me kjem til å høyra frå vedkommande. Og det er bra – ho har mykje å by på.