Dei færraste klarar å nå opp til dei same høgdene

Billie Van
Pure Emotions
Konsert | 08.09.2017

Pure Emotions er ein beundringsverdig reformulering av 80-talets musikk i ny innpakning.

Det nye albumet til Billie Van introduserer oss til ein ny, moderne versjon av 80-talets klassiske balladar på godt og vondt. Sterkt lyrisk nærvær, tidlause tema og irriterande bra melodilinjer gjer at albumet fortener ein anerkjennande femmar.

Bruken av soniske undertonar parallelt med dagens veksande popkultur skapar ein veldig up-to-date-vri som lett kan krype opp på hitlistene. 

LES OGSÅ: Starter nytt prosjekt sammen.

Eit album som dette bør ikkje komme som ei overrasking med tanke på musikktrendene i dag og inspirasjonen som blir henta frå tidlegare generasjonars fortid. Kjærleik og sorg er heller ingenting nytt i den forstand. Men det at Billie Van, aka Merete Pascual, er i stand til å formidle universelle tema i nyskapande innpakning seier mykje om hennar talent som låtskrivar og artist. 

Anmeldelsen fortsetter under videoen.

At musikken bringer fram nostalgiske minner i tillegg, gjer at det ikkje vil vere sjokkerande om låtane dukkar opp på karaokebar i næraste framtid. Dette vil i så fall vere ei skam. Dei færraste klarar å nå opp til dei same høgder som Billie Van. 

LES OGSÅ: «Et hvileskjær?».

Forandring er det einaste som er konstant i musikkbransjen. Pure Emotions beviser dette, og den er eit soleklårt døme på magien som kan oppstå når ein blandar eldre musikkstilar med ny teknologi og heftige vokalprestasjonar. 

Uansett. Det faktum at Billie Van har reformulert 80-talets musikk til dagens generasjon er, i mangel på betre ord, beundringsverdig.

LES OGSÅ: Dette er årets musikkommune.