Les også

GoldLink på Rockefeller:
Vinterens sløveste opptreden

Kinoaktuelle «Western Stars»:
Et alternativt selvportrett fra Bruce Springsteen
Toto er eit sånt type band som alle har høyrt, men få veit noko særlig om. Eit raskt Google-søk viser at bandbesetningen har endra seg fleire gongar opp gjennom åra, og det er ikkje lett å vita nøyaktig kven som står på scena fra turné til turné.
Men spelar det eigentleg noko rolle?
LES OGSÅ: Hovefestivalen er konkurs.
Det var fleire som stod og hutra i påvente av bandets entre torsdag kveld. Det lille me hadde fått av sommarvêr tidlegare på kvelden var borte, og ein sur høstfølelse la seg over amfiet i Grefsenkollen. Det var tydelig at torsdagen på OverOslo hadde trekt til seg eit meir voksent publikum, men programmet til tross var det overraskende mange under 35 som hadde funne vegen til amfiet.
Rutinerte herrer
Med halvannen time å fylla, er det lett å spre hitsa jamt utover. Toto sparar ikkje på kruttet, og med Hold the Line som sang nummer to etter Devil’s Tower tok allsangen til blant publikum medan Snapchat-hendene spratt opp i lufta jevnt over folkemassen. Hovedvokalist Joseph Williams jobbar aktivt på scena. Han står sjelden i ro, og dansar rundt på scena i lang svart frakk, med han synger, diggar musikken og spelar litt luftgitar. Han er ikkje den einaste på scena som ser ut til å trives.
Neste sang er Lovers in the Night, og keyboardist Steve Porcaro dansar på som berre menn i 60-åra kan!