x
Myra: Bokser & Ballerina

Myra
Bokser & Ballerina

ANMELDELSE: Myra! Endeleg!

GAFFA

Album / Oslo Records
Utgivelse site.partials.date_prefix15.10.2021
Anmeldt av
Magnus Vattekar Sandvoll

Med debutalbumet sitt er Myra både tungvektmeister og verdig den russiske balletten.

Bokser & Ballerina var verdt å vente på. Myra nyttar 12 saftige spor på å nå nye musikalske høgder, samstundes som ho formidlar eit sterkt personleg bodskap. Artisten viser ferdigheiter i hiphop, elektropop og ikkje minst klubblåtar.

Regina Tucker, som rapparen eigentleg heiter, har bygd seg ein fanskare sidan 2017. Ho har gitt ut heile 19 singlar og gjort ei rekke gjestevers for rapparar som Lars Vaular, L.U:N.A og Linni. Bergensaren er no signert til Oslo Records, og har vore kjend som dronninga av NMG/G-Huset. Myra har også vore på Stjernekamp på NRK1, hatt ei filmrolle og vunne prisar for musikken sin. Rapparen har stort sett gjort alt anna enn å sleppe eit album, heilt til no. 

LES MER: DISSE BLE KÅRET TIL TIDENES NORSKE ALBUM

Bokser & Ballerina er 35 minutt der Myra foreiner to sterke kontrastar ved seg. Albumet handlar om Myra sin aksept for kven ho er, og at ho har forskjellige sider ved seg som ho no har lært at kan fungere saman.

«Bokser & Ballerina (Interlude)» høyrer vi Myra sjølv fortelle om korleis ho har prøvd å vere seg sjølv i ulike roller i livet hennar. For å framheve dei ulike personlege aspekta, brukar Myra ei rekke forskjellige sjangrar som er dynamiske og glir inn i kvarandre. På introlåta, «Le Louvre», syng og rappar ho over ein classic Chicago house beat som er miksa saman med trommer ein gjerne får i garage. Dette fungerer latterleg bra, og eg tek meg sjølv i å nakkenikke sjølv når eg sit på bussen. Det same får vi på «Rottweiler».

På låta «Kan ikke falle» får vi ein typisk elektropopmelodi. Låta er den mest poppete på albumet, og bærer ein essensiell del av bodskapet til Myra. Likevel er låta den minst spennande på albumet, ikkje berre fordi produksjonen er noko kjedeleg, men fordi resten av albumet er så imponerande. Dette gjeld også låta «Dovre faller», som er hakket meir interessant grunna ein meir original produksjon og ei Myra som verkar meir investert. 

LES MER: ROSKILDE OFFENTLIGGJØR ARTISTER

Bokser & Ballerina har ei naturleg todeling før og etter interluden, i andre del har boksaren fritt rom. Her får vi elektroniske hiphop produksjonar i Timbaland-stil. Dette fungerer som den sterkaste delen av albumet.  På «Svart Lamborghini» får vi ein overgrov beatswitch, der den eine beaten er tøffare i trynet enn den andre. På slutten av låta blir vi servert ein råsterk, men minimalistisk overgang til «Se Vekk». Begge låtane har noko av den mest interessante hiphopproduksjonen vi har sett i Noreg. Då Myra rappar at ho “er på jobben no som Missy”, er det med all rett. Boksaren slår knockout på ballerinaen i denne delen. 

Likevel klarer eg ikkje la vere å høyre skiva på nytt for å høyre Myra vere elegant ballerina ein gong til. No håpar eg Myra reiser på ein terningkast-seks-type-turné før ho returnerer til studio for å toppe dette fantastiske debutalbumet.

 


Nyheter, artikler og anmeldelser fra GAFFA