Nyhet

Sony vann rettssaka mot Jackson-fan – men produsenten er framleis i søkelyset

GAFFA.no - alt om musikk.

Ifølgje domstolen kan plateselskapet ikkje haldast ansvarleg for dei påståtte etterlikningane frå Michael Jackson-albumet.

For fire år sidan blei plateselskapet Sony Music skulda for å ha forfalska vokalen til avdøde Michael Jackson på det posthume albumet hans Michael i 2010. Tre av låtane, Monster, Keep Your Head Up og Breaking News, skal angiveleg ha blitt spelt inn av Jackson-fortolkaren Jason Malachi. Det var Jackson-fan Vera Serova som saksøkte plateselskapet.

Førre veke slo domstolen fast at plateselskapet og Michael Jackson-domenet ikkje kan haldast ansvarleg for dei påståtte etterlikningane. Årsaka er at ingen av partane kan avkrefte eller stadfeste om vokalen til Michael Jackson er autentisk.


LES OGSÅ: Ny klubbscene i Trondheim.

Trass i at plateselskapet går fri, vil rettssaka mot produsent Cascio og produksjonsselskapet Angelikson Production halde fram. Ifølgje Pitchfork er vedkomande dei einaste som sikkert kan vite kor vidt det dreier seg om etterlikning eller ikkje.

Artikkelen held fram under videoen.

Vera Serova er ikkje den einaste som har fatta mistanke om forfalsking. Også GAFFA Danmark sin meldar, Sohail Hassan, var skeptisk til dei tre låtane i 2010. Han uttala blant anna følgjande:


«Hvor MJ's mest velinformerede og kritiske fans påstår, at der klart er tale om en eller flere dårlige MJ-kloner. Den C «Tricky» Stewart-producerede Keep Your Head Up kunne snyde selv mig, men føromtalte Breaking News og Monster narrer mig ikke.»


LES OGSÅ: Fever Ray med opent brev til fansen.

ANNONCE