Nyhet

Teaser komande album

Bandet Kakkmaddafakka frå Bergen er no klare med ny musikk, dedikert til alle sine fans.

Bandet Kakkmaddafakka frå Bergen er no klare med ny musikk, dedikert til alle sine fans.

— Det er ein song skriven «til» alle våre fans! Låta handlar om forelsking. Dette er første singel ut frå vår komande plate Hus og blei spelt inn i ein gammal villa i Bergen, kommenterer bandmedlem Axel Vindenes i ein e-post til GAFFA.

Singelen har fått namnet All I Want To Hear (ÅÅÅ) og kjem ut i dag.


Artikkelen fortsetter under låta.

Ifølgje Vindenes er låta inspirert av dancehall-bølga som har vore populær dei siste åra. Plateselskapet beskriver låta som «ei dritkul låt med eit fengjande allsong-refreng som ein lett får på hjernen».


Inspirert av eiga speling

Kakkmaddafakka (forkorta: KMF) har vore aktive sidan 2004 og har opparbeida seg eit godt fotfeste i utlandet. Blant anna skal dei spela på fleire festivalar til sommaren, både i Tyskland og Spania.

— Me gleder oss til å halde fram med å eige. Me syns det er veldig tilfredsstillande å bli så store som me er blitt, og det har me tenkt å auka, uttalar Vindenes.


Kor hentar de inspirasjonen frå?

— Meget mykje ulik inspirasjon. Men me blir meir og meir inspirert berre av vår eiga speling. Det er gøy!

Vindenes trur likevel at musikken ikkje er altfor annleis enn tidlegare.


— Verda kan forvente ny Kakk-musikk og den har nok utvikla seg litt, men ikkje for mykje, seier han.

Terningkast seks

Kakkmaddafakka fekk seks stjernar av GAFFA for to år sidan. Anmeldar uttala følgjande om konserten på Rockefeller den gongen:


«Dette er eit nøye planlagt show som river med seg alle på gjerdet når champagne blir spretta på scena og KMF veier eit kvitt flagg som for å revolusjonere Oslo. På tross av showet verkar det herleg umiddelbart og enkeltståande. Konserten er feilfri, og gutane har satt inn alle gir når dei spelar gitarsolo rygg til rygg og køyrer bare overkroppar».

LES OGSÅ: Rasar mot Spotifys Justin Bieber-reklame.

Nyleg opptredde bandet på Bergenfest og fekk gode tilbakemeldingar også her.


ANNONCE