Judy Collins & Jonas Fjeld i Operaen:

Trossa vêret og leverte himmelsk vinterharmoni

Judy Collins og Jonas Fjeld på scenen i Den Norske Opera & Ballett.

Jonas Fjeld sitt samarbeid med Judy Collins vakte mildt sagt stor oppmerksomhet. No er duoen i Norge for å framføra sitt historiske vinteralbum live.

Judy Collins & Jonas Fjeld
Den Norske Opera & Ballett, Oslo
Konsert | 08.02.2020

Fleire musikkglade nordmenn satte nok kaffen i halsen da nyheten om at Jonas Fjeld toppa billboardlistene i USA kom rett før jul. Samarbeidet med folk og country-legenden Judy Collins viste seg å vera full klaff fra første stund, og resulterte i albumet «Winter Stories», med god hjelp fra bluegrass-bandet Chatham County Line.

Albumet blir beskreve som ein blanding gamle klassikarar og nye melodiar inspirert av vinter og fjell.

LES OGSÅ: Intervju med Oscar-klare Aurora.

Den gjeve mottakelsen har resultert i ei rekke konsertar i USA og her i Norge. Lørdag kveld stod hovudscena i Operaen for tur.

Harmoni frå himmelen

Det er ikkje uforståeleg at samarbeidet mellom Fjeld og Collins fungerte så bra, stemmene deira harmonerar saman på ein himmelsk måte, og det er tydelig at dei har ein gjensidig respekt for kvarandre. Fjeld-klassikaren, «Engler i snøen», er blitt oversatt til engelsk, «Angels in the Snow», og får jubel frå publikum då den blir introdusert. Saman synger dei den med Fjeld på norsk og Collins på engelsk. Det er fint å sjå gleda og stoltheten Jonas Fjeld utstråler der dei står.

Viss man ser på Collins og Fjeld som ein slags «mor og far» på scena, er bluegrassbandet Chatham County Line utvilsomt borna! Ikkje berre fordi dei er vesentleg yngre enn hovudpersonane, men også fordi dei leverar ein forfriskande energi til konserten.

Midtvegs i programmet går Collins og Fjeld av scena for ein liten pause, og gir bluegrassbandet beståande av Dave Wilson, John Teer og Greg Readling frie tøyler. Dei spelar songen Wildwood frå sitt eige repertoar, og avsluttar med ein imponerande heftig fele-solo av John Teer. Dermed er me klare for å ta tempoet ned igjen.

Legenden Judy Collins

Det er umulig å ikkje la seg imponera av Judy Collins. Ho starta karriera på 1960-talet, og har sidan då gitt ut nesten 40 studioalbum. Overraskande nok måtte det eit samarbeid med Jonas Fjeld til før ho klarte å nå toppen av Billboard-lista – og det i ein alder av 80 år!

Om tre månedar fyller ho 81, og her er ho altså på turné og leverar langt over forventning. Den klare, lyse stemma som Collins er kjent for bærer oss gjennom songar som «Mountain Girl» og «Amazing Grace» som om det ikkje kosta ho ein einaste kalori.

Det var ikkje mykje som minna om vinter i hovudstaden denna februarkvelden, men Jonas Fjeld og Judy Collins klarte likevel å fylla Operaens storsal med vinterharmoni til glede for alle i publikum.