Misty Coast: Misty Coast

Misty Coast
Misty Coast

Nakent, illusorisk og distinkt

GAFFA

CD / Brilliance Records
Utgivelse 22.09.2017
Anmeldt av
Malin Langøy Aarbø

Duoen Misty Coast leverer eit konseptrikt album med sterke enkeltlåtar.

Richard Myklebust og Linn Frøkedal, betre kjend frå The Megaphonic Thrift, er tilbake med ny og spennande musikk. Denne gang i form av eit nyoppstarta band kalla Misty Coast.

Albumet er angiveleg basert på eit minimalistisk, musikalsk univers inspirert av minner om merkelege stader og forunderlege menneske. 

LES OGSÅ: Legendariske garasjerockere søker konsert i Norge.

I presseskrivet heiter det mellom anna følgjande: «Noen ganger blir alt så rart og fjernt at det føles som om hele verden bare er et spill for galleriet – og at alle bare later som. Med den ene foten godt plassert i vakre «The Truman Show», har vi hentet inspirasjon fra vår tyrkiske taxisjåfør, kinesisk- og østeuropeisk musikktradisjon, kortvarige depresjoner, våre rare og modige venner, alle heltene våre og alle de fulle og sjarmerende pubgjestene vi møter på barene vi driver. Vi drar alle ut i natten som små monstre.»

Artikkelen fortsetter under videoen.



Med dette i minnet er det liten tvil om at Myklebust og Frøkedal har skapt eit vakkert album som på mange måtar fungerer etter sin hensikt. Musikken er uforfalska, laidback og til dei gradar levande, med eit hint av mørke undertonar og leikent nærvær på eitt og same tid.

Distinkt

Enkeltvis er Strange Girl og Misty Coast – Leap Year blant høgdepunkta. Førstnemnde fordi den framstår som eit noko røffare avbrekk med sine porøse gitarriff og eit tent arrangement. Sistnemnde fordi den oppsummerer kvalitetane på albumet i sin heilskap med tre enkle ord. Nakent, illusorisk og distinkt. 

LES OGSÅ: Kokte suppe av sin caps og ga til medmusiker.

Duoen skal ha creds for eit konseptrikt album. Men sjølv om det er eit par låtar inni der som definitivt er verdt å lytte til, er det ikkje alt som er tipp topp.

Låtane flyter tidvis litt for mykje inn i kvarandre, og drygt halvvegs uti prosessen kan ein få kjensla av at albumet går på tomgang.  Melodilinjene blir for monotone, for like, til at albumet klarer å oppretthalde interessa fullt ut. Dette trass i eit elles så variert og godt strukturert lydbilete. 

LES OGSÅ: Zappa-hologram på turné.


Nyheter, artikler og anmeldelser fra GAFFA