Coldplay: Kaleidoscope

Coldplay
Kaleidoscope

Intetsigande

GAFFA

EP / Parlophone UK
Utgivelse 14.07.2017
Anmeldt av
Malin Langøy Aarbø

Inntrykket er at Coldplays nye EP er eit resignert og passivt forsøk på suksess. Kor er energien blitt av?

Alle veit at det britiske bandet er i stand til å laga superstore megahits. Nettopp derfor er det trist å måtte innrømma at den nye utgivelsen ikkje sit like store spor på dette punktet som før.

Kaleidoscope er på ingen måte dårleg - ein slik påstand ville vore urettferdig mot bandet, som i løpet av nærmare 17 år har opparbeida seg eit godt musikalsk rykte som hitmakar og profesjonell utøvar. Det er ein soleklår grunn til det. Coldplay er dyktige. Ingen kan så tvil om det.

LES OGSÅ: Se Coldplay covre Håkan Hellström på svensk.

Likevel er det ikkje til å stikka under ein stol at EP-en legg seg på eit noko lågare nivå enn dei siste albuma frå 2011 og oppover. Musikken er meir anonym, mindre strukturert og manglar momentum som gjer at det heile tar av.

Coldplay; de kan betre enn dette. 

Manglar særpreg

Første spor All I Can Think About Is You passar i utgangspunktet ikkje som opningsnummer. Introen er tekkeleg lang og repetitiv. Tittelen er overflødig. Strukturmessig er låta vanskeleg å følgja, og innehar generelt sett ikkje det karakteristiske særpreget som Coldplay er kjent for.

Lite smart for førsteinntrykk å vera.

Anmeldelsen fortset under videoen.

Bandet har alltid skrive beskrivande og historieforteljande tekstar som er enkle å relatera seg til. I denne omgang verkar det som om følelsane har måtte vika for kommersielle formål. Tekstane er klebrige, slurvete og bærer preg av eit intetsigande uttrykk.

Synd med tanke på mangfeldet som Coldplay representerer. 

Eigna for bakgrunnsmusikk

Andre spor Miracles (Someone Special) er til gjengjeld meir catchy og oppløftande enn det førige, i stil med popsynth/discoaspektet som gruppa hentar inspirasjon frå.

LES OGSÅ: EKSKLUSIVT: Dette er Lordes norske favorittartister.

Dessverre er låta betre eigna for avslappande bakgrunnsmusikk på stranda enn som ein stor musikalsk sensasjon. Den tiltrekker seg lite merksemd, og definerer ikkje Coldplay som eit band som fekk seld over åtte millionar kopiar av sitt debutalbum i 2000.

Sisteinntrykket totalt er at dette er eit resignert og passivt forsøk på suksess. Kor er energien blitt av?


Nyheter, artikler og anmeldelser fra GAFFA